31 millionar ekstra til trafikksikring

40 ulike tiltak i Hordaland har fått pengar til sikrare veg i år. Sjekk lista!

Dette kjem i tillegg til dei midlane som blir sett av årleg som blir sett av gjennom Plan og byggeprogram for Hordaland utanom Bergen (25 millionar) og Bergensprogrammet (31 millionar).

Fylkestinget sett av heile 31,3 millionar kroner til Punktutbetring og trygg skuleveg i budsjettet for 2016. Midlane er fordelt med 21 millionar kroner til utføring av aktuelle tiltak på fylkesvegnettet i regi av Statens vegvesen og 10 millionar kronar som søknadsmidlar som kommunane kunne søkje på. Fylkestrafikksikringsutvalet (FTU) fekk ansvaret for den ordninga.

Totalt er det kome inn 26 søknader fordelt på 17 kommunar.

Alle tiltaka er knytt til punktutbetringar på fylkesvegnettet og/eller å gjere skulevegen tryggare for innbyggjarane i fylket.  Dette skal bidra til å redusere skadepotensialet i trafikken, i beste fall unngå tap av liv eller alvorlige skader.

– Fylkestinget fann rom for desse 31 millionane i sitt budsjettframlegg, seier Håkon Rasmussen, fylkesdirektør samferdsel.

Han ser fram til å få utbedra vegane fleire stader i fylket.

– Fylkesvegnettet har låg standard mange stader i fylket, og dei mange søknadane FTU fekk inn viser at det er store behov for utbetringar. Gjennom talet på søknader fortel kommunane at dei ser eit stort behov for å utbetre punkt, og gjere skulevegane tryggare. Samstundes viser kommunane at dei ønskjer å ta i eit tak for å auke trafikktryggleiken på fylkesvegnettet, seier Rasmussen.

Disse tiltaka har fått pengar frå Fylkestrafikksikringsutvalet

  1. Askøy: Storeklubben X Stongafjellet. Skuleveg. 600.000 kr
  2. Austrheim: Tresvik- og Fonneskrysset. Oppgradering av kryss. Fortau, busslommer. 1.263.750 kroner
  3. Bømlo: Tiltak på Fv 23. Veglys, kantstopp, siktutbetring. 250.000 kroner
  4. Etne: Fv 34. Rekkverk på bro og støpekanter 350.000 kroner
  5. Fusa: Utbedring sving på Tombre, 400.000 kroner
  6. Kvam: Oppgradering av kryss og gangfelt langs Fv 7/Nedre Vik-vegen i Øystese sentrum. 228.750 kroner
  7. Kvinnherad: Langgåta X Husnes Industriområde 33 veglys. 1,7 millionar kroner
  8. Lindås: Fv 402 Seim mot Feste. Bergnabb, rekkverk, utviding av sving, sikt, fjerne vegetasjon. To millionar kroner
  9. Radøy: Hordabø skule - idrettsbana. Veglys. 378.000 kroner
  10. Vaksdal: Punktutbetringar  Fv 343 til E16 til Norgesmøllene/Felleskjøpet. Ein million kroner.
  11. Voss:  Busslomme ved Gjernes skule. 1.296.792 kroner
  12. Øygarden: Flytting av busshaldeplass på Fv 561 - Toftøy. 600.000 kroner

Disse tiltaka er prioritert av Statens vegvesen

  1. Fv 391 Lindås Mundal-Leknes Fartsdempende tiltak. Ein million kroner
  2. Fv 565 Radøy Austebygd skule Fartsdempende tiltak. Ein million kroner.
  3. Fv 565 Radøy Storheimstøkrysset Siktutbetring. 500.000 kroner.
  4. Fv.561 Fjell Glomsen/Spjeld-Ågotnes Lysregulert gangfelt og veglys. 1,5 millionar kroner.
  5. Fv 423 Fedje Storevatnet + Æskjæret. Rekkverk. 400.000 kroner.
  6. Fv 570 Masfjorden Hosteland. Rekkverk. 500.000 kroner
  7. Fv 198 Sund Litle Sangolt. Siktrydding ved kryssingspunkt. 300.000 kroner
  8. Fv 546 Austevoll Storebø. Terminal ved nytt handlesenter. 800.000 kroner.
  9. Fv 379 Masfjorden Kalhovda Jordbruksavkjørsler. 300.000 kroner.
  10. Fv 47 Sveio Ekrene Fortau og lys. 500.000 kroner
  11. Fv 75 Fitjar Kryss Vestbøstad. 300.000 kroner
  12. Fv 545 / Fv 72 Stord. Kryss til Dåfjorden. Lys. 700.000 kroner.
  13. Fv 545 / Fv 75 Fitjar Rydland. Lys. 500.000 kroner.
  14. Fv 552 Os. Gangfelt på fylkesveg. Fartsdempande tiltak, lys og universell utforming. Ein million kroner.
  15. Fv 211 Fjell Landro skole. Flytting av gangfelt, etablering av landingsareal. 400.000 kroner.
  16. Fv. 48 Kvinnherad Lundsvingane. Rekkverk. 200.000 kroner.
  17. Fv. 103 Eidfjord Simadalsvegen - Eidfjord sentrum. Utbedring av gangfelt. 500.00 kroner.
  18. Fv. 381 Modalen. Fartsdempende tiltak. 500.000 kroner.
  19. Fv. 307 Voss Palmafoss. Utbedring av gangfelt. 500.000 kroner.
  20. Fv. 569 Vaksdal Stamnes. Veglys. 100.000 kroner.
  21. F. 310 Voss Bordal. Veglys 100.000 kroner.
  22. Diverse kommuner: mindre asfalttiltak og punktutbedring. 4 millioner kroner
  23. Fv, 267 Bergen Ervik Mur, kantstein, drenering , fortau. 1,5 millioner kroner.
  24. Fv. 582 Bergen Laksevåg. Mur, fortau. 1,5 millioner kroner
  25. Fv. 48 Etne Håland - Skånevik. Fjellsikring. 500.000 kroner.
  26. Fv. 23 Bømlo Hopsletta. Dårlege kantar. 300.000 kroner
  27. Fv. 404 Lindås Feste kai. Utviding av snuplass for buss. 300.000 kroner.
  28. Diverse kommuner: Skogrydding for betre sikt. 1,5 milllionar kroner.