25 millionar til ny forsking på Vestlandet

Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF) deler ut 25 millionar kroner til ni nye forskingsprosjekt i næringsliv og offentleg sektor. Bergensbedriftene Offshore Sensing AS og Biomega AS, oppdrettselskapet Hardingsmolt AS i Tørvikbygd og kommunane Bergen og Fjell er mellom dei som får pengar.

Inntil tre millionar kroner går til vass- og avløpsetaten i Bergen kommune som skal forske på bruk av fiskeavfall og fiskeslam i produksjonen av fornybar energi ved kommunale biogassanlegg.

Nye anlegg for biogass opnar i Bergen og Stavanger i år.  I forskingsprosjektet skal ein mellom anna finne ut korleis ein kan blande fiskeavfall, matavfall og avløpsslam frå kommunale reinseanlegg slik at biogassproduksjonen blir mest mogleg effektiv.

Positive helseeffektar

Biomega AS får inntil tre millionar kroner til å vidareutvikle ein prosess der ein nyttar enzym til å utvinne aminosyren peptidar frå marint restråstoff. I dag blir peptider brukt i dyrefôr og fiskefôr, men målet er å utvikle peptider for menneske. Peptider gjev positive helseeffektar.

Inntil tre millionar kroner fårHardingsmolt AS i Tørvikbygd til å teste eit nyutvikla konsept for fiskeoppdrett i lukka anlegg i stor skala. Løysinga er basert på ein lukka presenning plassert i eit anlegg av stål. Hovudmålet med forskinga er å sjå om anleggstypen er eigna for intensivt, kommersielt oppdrett og nedkjemping av lakselus på ein kostnadseffektiv og miljømessig god måte.

Fjell kommune får inntil tre millionar kroner til å utvikle gode metodar for kvalitetsmåling i ein ny modell for helse- og omsorgstenester til heimebuande eldre. Modellen «sjef i eige liv» inneber nye formar for partnarskap mellom offentlege, private og frivillige aktørar samt etablering av eit døgnope aksjonssenter som skal vere i full drift frå 2019. 

Stort behov for nyskaping

 – Nedgangstider i oljebransjen gir eit stort behov for nyskaping i landsdelen vår. Regjeringa har gitt fondet ei ekstraløyving i år for å bidra til omstilling i nærings- og arbeidslivet på Vestlandet. Eg er overtydd om at forskingsbasert kunnskap og innovasjon er nøklar til å lukkast i dei endringsprosessane vi står overfor. Eg er glad for at vi har fått mange og gode søknader også i denne tildelingsrunden, seier Solveig Ege Tengesdal, fylkesordførar i Rogaland og styreleiar for RFF Vestlandet. 

Rekordmange søknader

Totalt fekk fondet 39 søknader om hovudprosjektmidlar i denne tildelingsrunden. Med det er interessa for fondsmidlar større enn nokon gong tidlegare. Søkjarane bad om støtte på meir enn 100 millionar kroner. Dei 25 millionar kronene går til ni prosjekt innanfor satsingsområda energi, berekraftig matproduksjon og innovasjon i offentlege ansvarsområde.

Alle godkjende søknader er grundig vurderte av fagpanel oppnemnte av Noregs forskingsråd. RFF Vestlandet har deretter særleg vurdert regional relevans i prosjekta samt verdiskapingspotensial for landsdelen. I denne søknadsrunden er det også lagt spesiell vekt på bidrag til omstilling i næringslivet.

Desse fekk forskingsmidlar

  • Offshore Sensing AS – «Autonom offshore overvåkning av fiskeegg og larver» – Inntil 1 million kroner i støtte. 
  • Fishglobe AS – «FishGLOBE: Uttesting og dokumentasjon for oppdrett av postsmolt og behandling mot AGD og lus» – Inntil 3 millionar kroner i støtte.
  • Andreas Wiig – «Søtkirsebær dyrka i potter i veksthus og tunnel» – Inntil 3 millionar kroner i støtte. 
  • Frøyanes AS – «Hermetisert kjæledyrfôr basert på ferske restråvarer fra autolineflåten» – Inntil 3 millionar kroner i støtte. 
  • Hardingsmolt AS – «Greenbag; En ny og innovativ produksjonsplattform for lukket oppdrett» – Inntil 3 millionar kroner i støtte.
  • Fjell kommune – «Sjef i eige liv. Prestasjonsmåling for en ny tjenestemodell i Fjell kommune» – Inntil 3 millionar kroner i støtte. 
  • Njøs Næringsutvikling AS – «Utvikling og måling av effekt av kvalitetskompost til frukt- og bærproduksjon på Vestlandet» – Inntil 3 millionar kroner i støtte. 
  • Biomega AS – «Optimalisering av enzymatisk hydrolyse av marint restråstoff» – Inntil 3 millionar kroner i støtte. 
  • Bergen kommune, vass- og avløpsetaten – «Utnyttelse av avfall fra marin matproduksjon til regional fornybar energi» – Inntil 3 millionar kroner i støtte.