– Før eksporterte vi kol. No eksporterer vi kunnskap, seier professor Ole Petersen i Cardiff som saman med professor Matthias Kaiser i Bergen er med i eit europeisk nettverk av forskarar og universitet som gjev råd til EU-kommisjonen.
Det er god julestemning i den norske sjømannskyrkja i Cardiff. Medlemmer av den norsk-walisiske vennskapsforeningen fyller kyrkja med familie og venner til julefeiring.
– Eg har eit godt støtteapparat rundt meg og gler meg til å byrje i ny stilling, seier Lathamini Murugesh som er tilsett som fylkestannlege i Vestland fylkeskommune.
– Eg trur eg er den einaste frå Øystese som har gått på skule her i Cardiff. Alle andre vil heller gå i USA-klassen som Øystese har hatt i mange år, seier Mathias Hauger, ein av 19 elevar frå Hordaland som går 2. året på vidaregåande skule i hovudstaden i Wales.
Folket i Sogn og Fjordane og Hordaland gav ein million kroner til å gjenreise den norske sjømannskyrkja i Cardiff. 15. desember feira kyrkja 150 årsjubileum.
– Dette er ikkje gravøl for Hordaland. Dette er framtida, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun då Hordaland fylkesting var samla for siste gongen, til festsamkome i Håkonshallen.
– Dette var gøy, seier Sunniva Skeie Eidsaa i Bergen Storm CHeerleading, som tok bronse i VM i cheerleading i Orlando, USA, saman med tre lagvenninner i april i år. 6. desember vart dei heidra av Hordaland for prestasjonen og takka med å vise kva dei kan.
– Det er utruleg kjekt med så mange, gode prestasjonar, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun då ho delte ut utviklingsstipend til seks idrettsutøvarar frå Hordaland. Alle får 30 000 kroner kvar.
– Her er det blitt flott. Pasientane er svært nøgde. Dei kombinerer gjerne time hos tannlegen med kafébesøk og anna, seier Lise Marthe Krogenes, leiar av den nye Arna tannklinikk i Øyrane torg i Indre Arna.
– Dette er ein god avtale for den vidare utviklinga av Bergensområdet, seier påtroppande fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, etter at det er semje om ein byvekstavtale med 13 milliardar kroner frå staten i perioden fram til 2029.
– Offentlege verksemder gir dermed eit samla tydeleg signal til bransjen om at dei òg må arbeide for å reduserer utsleppa, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun.
Den regionale planstrategien for perioden 2020 til 2024 skal stake ut kursen for det nye Vestland fylke. Fylkesutvalet vedtok 3. desember formelt å starte arbeidet med planstrategien.
Budsjettet for Vestland fylkeskommune i 2020 blir på ca. 14,8 milliardar kroner. Av dette skal 8,9 milliardar gå til drift og 5,9 milliardar til investeringar.
I det aller siste møtet til utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland delte politikarane ut over 18 millionar kroner til diverse kulturelle tiltak, mellom anna 6,6 millionar kroner til kulturelle utviklingsprosjekt (KUP).