Søk
Søknad om konsesjon for uttak av skjelsand
SøknadsskjemaKrav til søknaden
Søknaden skal vere fullstendig utfylt og med all naudsynt informasjon.
Vilkår for å få konsesjon
Konsesjon gir løyve til opptak av ein eller fleire førekomster. Konsesjon gir ikkje løyve til opptak på mindre enn fem meters djup.
Opptak av massene skal ikkje hindre eller føre til ulempe for ferdsel på sjøen, fiske, fugle- eller friluftslivet i området. Spesielt viktig er det at verksemda ikkje skadar fisk som står i merdane.
Verksemda skal heller ikkje skade undersjøiske kablar eller installasjonar. Opptak skal ikkje skje på mindre enn 100 meters avstand frå desse.
Ved opptaket skal ein unngå at det blir danna skråningar med fare for utglidning/utrasing av strandmassar, kunstige marbakker eller djupe hol. Rettigheitshavar skal føre kontroll med at utrasing ikkje skjer.
Dersom opptaket likevel skulle føre til tegn på utglidning/utrasing eller annan vesentleg skade påført naturen eller faste innretningar, skal opptaket stansast og fylkeskommunen kontaktast med ein gong.
Avgift
For masse som er tatt opp på statens grunn skal det betalast ei årleg avgift til fylkeskommunen ut i frå kor store mengder masse som blir tatt ut.
Årlege oppgåver over kor mykje som er tatt opp skal meldast til fylkeskommunen seinast 31. januar året etter.
Framgangsmåte
Send ferdig utfylt søknad med all naudsynt informasjon til
Hordaland fylkeskommune
Klima- og naturressursseksjonen
Pb 7900
5020 Bergen
Fylkeskommunen sender søknaden på høyring til ei rekkje sektorstyresmakter før det blir tatt stilling til om konsesjon skal bli gitt.
Skjema for årsrapportering og opptaksprotokoll
Fylkeskommunen krever inn årlig, pliktig konsesjonsavgift for opptatte masser.
Alle som får konsesjon for å ta opp skjelsand er pliktig til å årleg fylle ut årsrapport og legge ved opptaksprotokoll for kvart opptak. Opptaksprotokolen må du ha med deg i opptaksfartøyet og fylle ut for kvar last.
Utfylt årsrapporteringsskjema vedlagt opptaksjournal skal sendes til fylkeskommunen innen 31. januar påfølgende år. Så sender fylkeskommunen faktura.
Årsrapportering og protokoll sendast utfylt og skannet til postmottak eller Jomar Ragnhildstveit på epost.
Lovdata og retningslinjer
Fylkeskommunen gir konsesjon i medhald til kontinentalsokkellova.
Retningslinjer ved saksbehandling og tildeling av konsesjonen
Fakta
Hordaland er landets største skjelsandfylke.