Tilskot til masteroppgåver om klimaomstilling

Hordaland fylkeskommune gir gjennom Klimaplanens handlingsprogram 2018 støtte til master-oppgåver på klimafeltet. I 2018 er det sett av 150.000 kr. til tiltaket. Kvar søknad kan få inntil 10.000 kr.

Gjennom tiltaket vil vi styrkje samarbeidet med forskingsmiljøa i Hordaland, medverke til auka kunnskap og utvikle betre klimatiltak.

Kven kan søkje?

Alle studentar som skal ta mastergrad på klimarelevante tema ved ein utdanningsinstitusjon i Hordaland.

Krav til søknaden

  • Tittel på oppgåva
  • Kort skildring av innhald og mål
  • Kva relevans oppgåva har i høve til klimaplanen/ handlingsprogrammet/anna klimarelevant tema
  • Budsjett – kva studenten ønskjer å bruke pengane til (til dømes datainnsamling, studiereise, deltaking på konferanse, anna)
  • Namn og personopplysningar på søkjar, adresse, bankkontonr.
  • Søknaden skal vere maks 2 sider.

Vilkår for tildeling

Studenten skal i (eller som del) av sitt masterarbeid ta for seg eit tema enten frå Klimaplan for Hordaland 2014-2030, Handlingsprogram 2018 eller eit anna relevant tema. Tema som er av særleg relevans for Vestlandet vil bli prioritert. Søknadene vil bli vurderte av ein komité frå Regionalavdelinga ved Hordaland fylkeskommune, faglege vurderingar frå fagmiljø i fylket vert henta inn ved behov.

Studenten har eigedomsrett til alle data som er produsert gjennom prosjektet. Ferdig masteroppgåve skal vere tilgjengeleg for Hordaland fylkeskommune. Studenten kan få direkte førespurnad frå fylkeskommunen om å gi ein munnleg presentasjon av undersøkinga/studiet/prosjektet. Vi oppmodar generelt alle mottakarar av stipend til å ta del i studentkonferansar for å formidle resultat frå arbeidet sitt.

Søknadar blir handtert etter kvart som dei kjem inn hausten 2018.

Profilbilde av Hanne Camilla Dyrnes
Hanne Camilla Dyrnes