Tilskot til ladestasjonar for heimelading av drosje

Hordaland fylkeskommune gir tilskot til å etablere løysing for normallading av drosjar. Dette gjeld investeringsstønad til etablering av normalladeutstyr for elbil. Tilskotet er 10 000 kroner per ladepunkt, eller opptil til 50 % av godkjente kostnadar. Tilskotet er avgrensa til eitt ladepunkt per drosje.

Hordaland fylkeskommune gir tilskot til å etablere løysing for normallading av drosjar. Dette gjeld investeringsstønad til etablering av normalladeutstyr for elbil. Tilskotet er på opptil 10 000 kroner per ladepunkt. Tilskotet er avgrensa til eitt ladepunkt per drosje.

Det overordna målet for tilskotet er å legge til rette auka kjøp og bruk av elektriske køyretøy i drosjenæringa. Dette inneber auka energieffektivitet og reduserte klimagassutslepp frå transportsektoren i samsvar med klimaplan for Hordaland.

Tildelingskriterium

Det er berre innehavarar av drosjeløyve og drosjeselskap som er kvalifisert til å motta stønad.
Sentralar og drosjeselskap kan søke på vegne av sine tilsette/sjåførar.
Ladeuttaket skal nyttast til å lade elektriske drosjebilar
Tilskotsordninga gjeld for drosjar som køyrer i Hordaland løyvedistrikt.
Ved mange søknadar, vil søknadane prioriterast i høve til rekkefølga dei er komen inn i.

Vilkår for stønad og utbetaling

Søknaden skal innehalde naudsynt informasjon for at fylkeskommunen skal kunne vurdere om krava er oppfylt. Det omfattar ei kortfatta teknisk skildring av ladarar med tilhøyrande system og ei skildring av deira plassering, inkludert adresse.

Tilskotet gjeld for godkjent ladepunkt for elbil med type 2-uttak.
Tilskotet er opptil 10 000 kroner per ladepunkt. Beløpet er avhengig av kor mange søknadar som kjem inn. Tilskotet er avgrensa til eitt ladepunkt per drosje.
Stønadsordninga omfattar berre kostnadar til kjøp og montering av normalladepunkt.
Elektriske arbeider skal utførast av autorisert installatør.
Søkar pliktar å drive ladestasjonen i minst 5 år. Dette inneberer ansvar for vedlikehald, samt eventuell demontering og montering ved flytting.
Hordaland fylkeskommune tar atterhald om retten til å gjennomføre tilsyn i etterkant og til å trekke tilbake tilskot ved eventueller brot på vilkår for stønad.
Fylkeskommunen støttar ikkje utbygging av ladestasjonar til privat bruk.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no.

Profilbilde av Henrik Løseth Jansen
Henrik Løseth Jansen