Tilskot til ladeplassar for elbil 2019

Du kan søke tilskot til bygging av offentleg tilgjengeleg hurtigladetilbod i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Kva kan støttast?

Hordaland fylkeskommune støtter etablering av ladeplassar med følgjande delutlysingar:

  • Ny ladeplass i Utne, Ullensvang kommune
  • Utviding av utvalde eksisterande ladeplassar

Sogn og Fjordane fylkeskommune støtter etablering av ladeplassar med følgjand delutlysingar:

  • Nye ladeplassar i Sogn og Fjordane
  • Utviding av utvalde eksisterande ladeplassar

Målet med utlysingane

Målet med utlysingane er å utvide ladetilbodet i Hordaland og Sogn og Fjordane. Dette skal bidra til at fleire kjøper og bruker elbil - og til å oppfylle måla i klimaplanane.
Fylkeskommunane tilbyr derfor investeringsstønad til deg som vil etablere offentleg tilgjengelege ladeplassar. Ordninga gjeld på stader der lønnsemd ikkje er forventa og der det ikkje er forventa at nokon vil etablere ladeplass utan å få stønad.

I Hordaland er det i 2019 sett av opp til kr. 4 750 000 til stønad for å etablere og utvide ladeplassar. Utlysinga er del av tiltaket «Infrastruktur for låg- og nullutsleppskøyretøy» i handlingsprogram knytt til klimaplan for Hordaland 2016-2030.

I Sogn og Fjordane er det er sett av kr 548 000 til tilskot for å bygge ladeplassar. Det kan bli aktuelt å auke potten for Sogn og Fjordane om det blir stor pågang av søknadar.
Merk at det er berre utbygging av offentleg tilgjengelege ladeplassar som vert omfatta av denne ordninga.

Rammene for utlysinga

På bakgrunn av kundepotensial og eksisterande hurtigladetilbod, ønskjer Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune å prioritere område med avgrensa hurtigladetilbod.

Hurtigladetilbodet i dei to fylka er varierande. Bergensområdet har generelt god dekning av ladeplassar, men det er óg regionar som ikkje har eit godt ladetilbod. I Hordaland gjeld dette særlig hardangerregionen, Nordhordland og indre strøk av Sunnhordland.

Ladetilbodet i Sogn og Fjordane er spreidd og fleire kommunar manglar ladeplassar. I tillegg har kvar ladeplass få uttak.

Utlysinga til etablering av ladeplassar er felles for Hordaland- og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Likevel vil kvart av fylke behandle sakene for sine område med kvar sin pott.

1. Konkurranse om utbygging av nye hurtigladeplassar

Hordaland

I delutlysing 1 vil prosjekt i Utne bli vurdert opp mot kvarandre. Det vil her bli gitt tilskot til dei prosjekta som oppnår høgast poengsum gitt kriteria i tabell 1. Det vil bli løyva stønad til eitt prosjekt per plass.

Sogn og Fjordane

I delutlysing 1 vil Sogn og Fjordane prioritere etablering av ladeinfrastruktur på stadar det enno ikkje er etablert hurtigladerar i fylket. Områder som aukar dekningsgraden i heile fylket vert prioritert.

Ladestasjoner_kart.jpg

 Figur 1: Ladeplassar, inklusive Tesla-ladarar per 1. februar 2019. Raude sirklar markerar ladeplassar med få hurtigladaruttak, medan oransje, gule og grøne har fleire. Gjennomsiktige sirklar er ladeplassar som har fått tilskot til etablering/utviding, men som ikkje er sett i drift.

2. Konkurranse om utviding av utvalde eksisterande hurtigladeplassar

Hordaland

Dei ladeplassane med få tilgjengelege ladeuttak er særskilt sårbar for kødanning og nedetid. Søkjarar konkurrerer om stønad til å utvide eksisterande hurtigladeplassar.
I tillegg til pris, vil vi i vurderinga legge særskilt vekt på om det er dårleg ladetilbod på plassen og i regionen der det blir søkt om ladeplassar.
Utviding av eksisterande ladeplassar i Bergen kommune vil berre bli prioritert ved etablering av ladestolpar som kan gje ladeeffekt på minimum 100 kW.

Sogn og Fjordane

I delutlysing 2 vil Sogn og Fjordane fylkeskommune prioritere å styrke ladetilbodet i regionsentera Sogndal, Florø, Førde og i Nordfjord-regionen (Måløy, Eid, Sandane og Stryn). Desse regionsentera samsvarar med strategi for tettstadutvikling og senterstruktur, vedtatt i fylkestinget april 2018.

Prioritering av høg effekt

Hurtigare lading reduserer ladetida og risikoen for kødanning. Ladestolpar som gir meir enn 100 kW per ladeuttak blir derfor prioritert og støtta med opptil kr 200 000. Ladestolpar som gir mindre enn 100 kW blir støtta med opptil kr 150 000.

Prosjekt med høg ladeeffekt får høgare poengsum i vurderinga enn prosjekt med ladarar som gir lågare effekt (Tabell 1). Effekten blir vekta matematisk med poengsum mellom 1 (50 kW) og 10 (>150 kW).

Kven kan søkje?

Leverandøren skal vere eit lovleg etablert føretak. Føretaket må ha tilstrekkeleg finansiell styrke til å kunne etablere og drifte hurtigladetilbod. Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune tar atterhald om å krevje dokumentasjon på desse minimumskrava i søknadsdialogen. Relevant dokumentasjon vil vere attest for skatt og meirverdiavgift, firmaattest og leverandøren sitt årsrekneskap, inkludert noter med styre- og revisjons melding frå dei to siste åra.

Søkjarar kan samarbeide med til dømes andre ladeoperatørar, eigedomsforvaltarar, handels- og serviceverksemder, kraftselskap i prosjektet.

Tildelingskriterium

For delutlysning 1: Søkjarar som oppfyller minimumskrava og søkjer om den lågaste tilskotssummen for å etablere den beste ladeinfrastrukturen, vinn konkurransen om tilskot til ny ladeplass i Utne.

For delutlysing 2: Tilboda med lågast søknadssum og best strategisk plassering i høve til ladetilbodet blirl prioriterte. I tillegg vurderer vi effekt per ladestolpe.

Om det er liten konkurranse om midlane, kan fylkeskommunen velje å gå i dialog med søkjarar for å gjennomføre ei kvalifisert vurdering av stønadsbehovet, eller avlyse konkurransen utan nærmare vurdering av søknadane. Tilskot vil bli tildelt den leverandøren som tilbyr den beste løysinga for hurtiglading til lågast tilskotssum.

Tabell 1: Evalueringskriteria

Kriterium

 

Vekt                

Dokumentasjonskrav
Omsøkt tilskot per ladestolpe

 60%

 

Plassering/kvalitet

  • Effekt per ladestolpe
  • Strategisk plassering i høve til ladetilbod elles

 

40%

(10%)

(30%)

Skildring av tilbydar sitt løysingsforslag

Fristar, tidskrav og vilkår for stønad og utbetaling

Hordaland fylkeskommune tar imot søknad på vegne av Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ein felles søknad for både fylke er å føretrekke. Send søknad til hfk@hfk.no. Merk søknaden «Søknad om hurtigladetilskot, 2019/2874». Søknadsfrist er 30. april 2019 kl. 1500.

Spørsmål om utlysinga kan fram til søknadsfristen. Sakshandsaminga vil normalt vere ferdig innan fire veker etter søknadsfristen. Viss vi må be om meir dokumentasjon eller informasjon, vil sakshandsaminga ta noko lenger tid.

Ladestasjonane skal vere ferdig utbygde og tilskotet skal vere fakturert innan 30. november 2019. Som hovudregel er det ikkje høve til å forlenge fristen for ferdigstilling.

Vilkår for stønad og utbetaling

Fylkeskommunane kan dekke opptil 100 % av godkjente investeringskostnadar, avgrensa opp til kr 150 000,- til hurtigladestasjonar med minimum 50 kWh kapasitet og kr 200 000,- til stasjonar med minimum 100 kWh kapasitet per ladestolpe. Driftskostnader vert ikkje dekka.
Fylkeskommunane gir investeringsstønad til prosjekt som er avhengig av stønad for å bli realisert. Prosjekt som allereie er vedtatt gjennomført eller sett i gang blir ikkje støtta. Det er derfor viktig å sende inn søknaden før investeringsavgjersla er tatt.

For strekningar som er omfatta av Enova sin stønad til nasjonale transportkorridorar, vil fylkeskommunane gi tilskot til ladetilbod utover Enova-standard.

Dersom søknaden gjeld utviding av ladetilbod på ladeplassar, er det ikkje eit krav om å etablere AC-ladetilbod dersom dette allereie finst på ladeplassen.
Stønad blir utbetalt på etterskot.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan tre veker. Fristen blir rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ein klage må innehalde kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar du meiner bør gjerast.

Klage på vedtak gjort av Hordaland fylkeskommune sendast til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no.
Klage på vedtak gjort av Sogn og Fjordane fylkeskommune sendast til Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger eller postmottak.sentraladm@sfj.no

Profilbilde av Henrik Løseth Jansen
Henrik Løseth Jansen