Tilskot til hurtigladeinfrastruktur

Fylkeskommunen gjev tilskot til bygging av offentleg tilgjengeleg hurtigladeinfrastruktur i Hordaland. Søk på ei av våre tre delutlysingar.

Hordaland fylkeskommune støtter etablering av ladestasjonar med følgjande delutlysingar:

1. Nye ladestasjonar i Etne og Odda
2. Utviding av utvalde eksisterande stasjonar
3. Ladetilbod med høgare effekt på eksisterande og nye ladestasjonar

Dei overordna måla for utlysingane er å utvide ladeinfrastrukturen i fylket for å bidra til auka kjøp og bruk av elektriske køyretøy. Dette skal auke energieffektiviteten og redusere klimagassutslepp frå transportsektoren i samsvar med klimaplan for Hordaland. Fylkeskommunen tilbyr investeringsstønad til etablering av offentleg tilgjengelege ladestasjonar som ein ikkje kan forvente lønnsemd frå, og kor ein ikkje kan forvente etablering utan stønad. Utlysinga er del av tiltak «Infrastruktur for låg- og nullutsleppskøyretøy», der det er sett av fem millionar for 2018.

Fylkeskommunen støttar ikkje utbygging av ladestasjonar til privat bruk, til dømes i burettslag.

Rammer for utlysinga

Tilskotet er meint for dei delar av lademarknaden som er viktige for auka kjøp og bruk av elektriske køyretøy - der det ikkje er mogleg å etablere ladeinfrastruktur på kommersielle vilkår.

Det er krav om at utstyret som skal leverast kan nyttast av alle typar elektriske personbilar på marknaden.

Oversikt over delutlysingar

1. Konkurranse om utbygging av hurtigladestasjonar

På bakgrunn av kundepotensial og eksisterande hurtigladetilbod ønskjer fylkeskommunen å prioritere dei delane av fylket som i dag har avgrensa hurtigladetilbod.

Punkttettleik av hurtigladepunkt. Kjelde: Nobil og Geovekst:

Tetthetskart_ladeuttak.jpg

Kartet viser den relative konsentrasjonen av hurtigladetilbod i fylket, unntatt dei planlagte ladestasjonane/utvidingane i Granvin, Sveio, Fitjar, Sund og Eidfjord kommune. Dette inkluderer utvidinga i Eidfjord og RV 7 mot Dyranut. Datagrunnlaget inkluderer òg Tesla sine ladarar og speglar derfor ikkje ladetilbodet generelt. Likevel er det tydeleg at det er store skilnadar i ladetilbod mellom regionar i fylket. Hordaland fylkeskommune ønskjer å tette gapa mellom hurtigladetilbod, særskilt i hardangerregionen. Generelt vil regionsentra, samt strategisk viktige trafikknutepunkt bli prioritert. Fylkeskommunen ønskjer spesielt eit betre tilbod i Etne og Odda kommune.

Hurtigladestasjonar kan plasserast utanfor kommunesenter viss stadlege omsyn talar for dette.

2. Konkurranse om utviding av utvalde eksisterande hurtigladestasjonar

Dei ladeplassane med ein og to tilgjengelege ladeuttak er særskilt sårbar for kødanning og nedetid. Søkjarar konkurrerer om stønad til å utvide eksisterande hurtigladestasjonar utanfor Bergen kommune. I tillegg til pris, vil plassering i høve til svakt ladetilbod på den aktuelle staden og i regionen elles bli lagt særskilt vekt på i evalueringa.

3. Utviding av ladetilbodet med høgare effekt på eksisterande og nye ladestasjonar

I framtida vil det bli eit større behov for hurtigare lading og Hordaland fylkeskommune ønskjer å legge til rette for etablering av ladestasjonar med høg effekt i fylket. Derfor vil ladetilbod som gir meir enn 100 kWh bli prioritert og støtta med opptil 200 000 kroner. Ladetilbod som gir lågare effekt enn 100 kWh blir støtta med opptil 150 000 kroner.

Kven kan søkje

Leverandøren skal vere eit lovleg etablert føretak og ha tilstrekkeleg finansiell styrke til å kunne gjennomføre oppdraget med å etablere og drifte hurtigladetilbod. Leverandøren skal ha god og relevant røynsle frå tilsvarande oppdrag i løpet av dei siste 3 åra. Hordaland fylkeskommune tar atterhald om å krevje dokumentasjon på desse minimumskrava gjennom søknadsdialogen. Relevant dokumentasjon vil vere attest for skatt og meirverdiavgift, firmaattest og leverandøren sitt årsrekneskap inkludert noter med styre- og revisjonsmelding frå dei to siste åra. 

Søkjarar kan samarbeide med andre ladeoperatørar, eigedomsforvaltarar, handels- og serviceverksemder, kraftselskap med meir i prosjektet.

Tildelingskriterium

Tilboda med best strategisk plassering i høve til regionsenter og ladetilbod elles i regionen blir prioritert. Om det er avgrensa konkurranse om midlane, kan fylkeskommunen velje å gå i dialog med søkjarar for å gjennomføre ei kvalifisert vurdering av stønadsbehovet. Fylkeskommunen kan då avlyse konkurransen utan ei nærare vurdering av søknadane. Tilskot vil bli tildelt den leverandøren som tilbyr den beste løysinga for hurtiglading til lågast omsøkt tilskot.

Kriterium Vekt Dokumentasjonskrav
Omsøkt tilskot 70%  

Kvalitet

Strategisk plassering i høve regionsentra

Strategisk plassering i høve ladetilbod elles

Tal på hurtigladeuttak per ladestasjon

30% Skildring av tilbydar sitt løysingsforslag

Evalueringspunkt som gjeld kvalitet er lista opp i prioritert rekkjefølgje.

Krav til ladestasjonar

Vi definerer éin hurtigladestasjonen til å omfatte ladepunkt med følgjande tre standardar:

  • Ladepunkt for DC CHAdeMO med minimum 50 kW effekt, basert på protokoll 1.0 eller nyare og som oppfyller standarden IEC 61851-23:2014.
  • Ladepunkt for DC Combo med minimum 50 kW effekt som oppfyller standarden NEK EN 61851-23:2014 og NEK EN 61851-24:2014.

På lokasjonar med krav om to hurtigladarar meiner vi altså:

  • To ladepunkt for DC CHAdeMO med minimum 50 kW effekt, basert på protokoll 1.0 eller nyare og som oppfyller standarden IEC 61851-23:2014.
  • To ladepunkt for DC Combo med minimum 50 kW effekt som oppfyller standarden NEK EN 61851-23:2014 og NEK EN 61851-24:2014.

Det skal vere mogleg å lade samstundes frå minst eitt DC-ladepunkt og punkta kan plasserast samla eller i fleire ladarar på samme staden. Ladarar må kunne nyttast under alle klimatiske høve på staden. Det skal vere tilstrekkeleg belysning og vern for ver og vind rundt ladaren, slik at tilkobling kan skje tørt og trygt.

Ladarane skal vere tilgjengelege også for ikkje-abonnentar og må derfor tilby ålment tilgjengelege betalingsløysingar som bankkort eller mobiltelefon. Betalingsløysingane skal vere tilgjengelege både for norske og utanlandske kort eller telefonabonnentar.

Vilkår for stønad og utbetaling

Fylkeskommunen kan dekke opptil 100 % av godkjente investeringskostnadar, avgrensa oppover til kr 150 000,- til hurtigladestasjonar med minimum 50 kWh kapasitet og kr 200 000,- til stasjonar med minimum 100 kWh kapasitet per ladeuttak. Driftskostnader vert ikkje dekt.

Fylkeskommunen gjev investeringsstønad til prosjekt som er avhengig av stønad for å verte realisert. Vi støttar ikkje prosjekt som allereie er vedtekne gjennomført eller sett i gang. Det er difor viktig å sende inn søknaden før investeringsavgjersla er teken. Kostnadar frå før søknadspunktet vert ikkje støtta.

For strekningar som er omfatta av Enova sin stønad til nasjonale transportkorridorar, vil Hordaland fylkeskommune gje tilskot til ladetilbod utover Enovastandard.

Støtte vert utbetalt på etterskot.

Ladestasjonane skal vere ferdig utbygde innan 15. juli 2019.

Rettsleg grunnlag og klage

EFTAs Overvåkingsorgan (ESA) er ansvarleg for å overvake at norske myndigheiter overhalder reglane i EØS-avtalen om offenteg stønad. Alle planlagte nye stønadstiltak skal i utgangspunktet notifiserast til ESA og godkjennast. Om stønad tildelast før ESA har godkjent tildelinga, reknast stønaden som ulovleg.

Frå og med i år sender fylkeskommunen inn ei forenkla melding om stønadsordninga til EFTAs Overvåkingsorgan (ESA) fordi ordninga faller inn under artikkel 56 i det alminnelige gruppeunntaket (GBER) for notifikasjon av støtte til ESA. Fylkeskommunen kan med det utbetale stønad over grensa for bagatellmessig stønad (200 000 Euro over dei tre siste rekneskapsåra) til eit føretak, med grunngjeving å stimulere føretak til å heve miljøvernnivået ut over obligatoriske EU-standardar. Hordaland fylkeskommune er ansvarleg for å sende ei forenkla melding til Nærings- og fiskeridepartementet.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no.

 

Kontaktperson:
Profilbilde av Henrik Løseth Jansen
Henrik Løseth Jansen