Tilskot til kommunale klimatiltak

Tilskotsordninga skal stimulere til klimaarbeidet i kommunane i Hordaland. Midlane skal nyttast til utvikling og gjennomføringa av klimaarbeidet i tråd med nasjonale og regionale innsatsområder, men med utgangspunkt i kunnskap om lokale behov.

Føremål med ordninga

Kommunane skal kunne prioritere klimatiltak og kompetanseheving på klima og klimatilpassing i sitt arbeid.

Kven kan søkje

Alle kommunane i Hordaland.

Krav til søknaden

Søknad skal registrerast elektronisk på www.regionalforvaltning.no. Den elektroniske søkjarportalen baserer seg på standard søknadskjemaer. Den teksten som søkjaren må fylle ut i kvar kategori for å kunne sende inn søknaden, kan skrivast kort og konsist. Søknadens innhold bør komme fram i vedlegg til søknaden.

Vedlegg til søknaden bør skildre

  • Kort omtale av kva kommunen ønskjer å nytte tilskotsmidlane til, inklusive målsettingar og relevans for føremålet med tilskotsordninga.
  • Plan for gjennomføring og vurdering av forventa effekt.
  • Framdrift og finansieringsplan/ kostnader.
  • Søknadsbeløp 

Kva kan få støtte

Midlane skal nyttast til å understøtte mål og strategiar i tråd med Klimaplan for Hordaland 2014-2030.

Midlane kan nyttast innan eitt eller fleire av innsatsområda under:

  • Tiltak som reduserer klimagassutslepp i kommunen direkte eller indirekte. Relevante tiltak kan til dømes vere miljøsertifisering, plan for fossilfri tjenestebilar, elektriske tenestesyklar, plan for grøne innkjøp, utfasing av fossil gassoppvarming. Nettverk av offentlege og private aktørar kan søkje om midlar til utviklingsprosjekt, til dømes for utvikling av hydrogenteknologi.
  • Kompetanseheving om klimatilpassing. Kommunen kan søkje midlar til å auke intern kompetanse om klimatilpassing og sårbarhet. Tilskot kan til dømes vere: deltaking på kurs, førebuing av planarbeid og utgreiingar. Søknaden må innehalde ein plan for korleis tiltaket skal gi varig kompetanseheving i kommunen og vere på minimum 20 000 kr.
  • Kompetanseheving om klimagassutslepp. Kommunen kan søkje midlar til å auke intern kompetanse om korleis kommunen kan redusere klimagassutslepp og bidra til grøn omstilling. Relevante søknadar kan vere: deltaking på kurs, førebuing av planarbeid og utgreiingar. Søknaden må innehalde ein plan for korleis tiltaket skal gi varig kompetanseheving i kommunen og vere på minimum 20 000 kr.

Vilkår for tildeling

Kommunen må levere rapport på aktivitetar og måloppnåing etter eitt år.

Maksimalt støttebeløp er 200 000 kr og inntil 50 % av total kostnad. Kommunen må ha eigen finansiering, men dette kan vere i form av eigeninnsats (spesifisert i antall timer per person og sats 500 kr/time).

Fleire kommunar, interkommmunale selskap eller kommunale føretak kan gå saman om å søkje.

Prioriteringskriteria

  • Ambisjonsnivå for klimaomstilling
  • Overføringsverdi til andre
  • Realisme i prosjektet
  • Tiltak identifiserte i kartleggingar der kommunen inngår, i kommunal plan eller politiske vedtak vil bli prioritert.
  • Ordninga er meint som eit supplement til statlege støtteordningar som Klimasats og Enova. Tiltak som ikkje er berettiga støtte frå andre ordningar vil bli prioritert.

Avgrensing

Tilskotsordninga dekkjer ikkje støtte til ladeinfrastruktur for el-bilar.

Profilbilde av Tale Halsør
Tale Halsør
92206675