Miljøpris for Hordaland

Fylkeskommunen deler årleg ut ein miljøpris på 50.000 kr. Du kan nominere kandidatar fram til 4. januar.

Hordaland fylkeskommune sin miljøpris skal vere til heider for einskildpersonar, lag og verksemder som har utmerka seg innafor klima- og miljøvernarbeid i året som gjekk. Prisen famnar breitt. Tidlegare har arbeid for å verne om livet i vatn og på land, aksjonsgrupper og gode miljøtekniske løysingar vore vinnarar.

Alle kan foreslå kandidatar til prisen. Forslaget må vere grunngjeve.

Prisen er på kr 50.000,-.

Sist vann Kenneth Bruvik for rydding av plast i strandsona

Profilbilde av Tale Halsør
Tale Halsør
92206675