Klimarådet

Klimarådet er ein møteplass for politiske leiarar i Hordaland der dei kan utveksle idear og erfaringar, samarbeide om tiltak og påverke sentrale styringsmakter.

Kva gjer klimarådet?

Klimarådet skal medverke til å nå klimamåla, skape styringseffektar på tvers av kommunar og forvaltningsnivå og gjere klimafylket Hordaland meir synleg, slagkraftig og resultatretta i klimaarbeidet.

Klimarådet tar opp klimasaker generelt og spesielt saker av politisk interesse for Hordaland og hordalandskommunane. Det skal ta opp tiltak i klimaplanens handlingsprogram og kommunale klima- og energiplanar der politisk initiativ kan medverke til betre måloppnåing og resultat.

Klimarådet kan samarbeide med andre nettverk og fora med tilsvarande føremål.

Det er fylkeskommunen som leier klimarådet. Rådet er sett saman av politiske leiarar frå Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, kommunane i Hordaland representert ved dei interkommunale regionråda, kommunar som ikkje deltek i eit interkommunalt råd samt Ungdomens fylkesutval. Kvart organ peiker ut ein fast representant og ein vararepresentant til å delta i Klimarådet.

Faste medlemar

  • Fylkesvaraordførar Pål Kårbø, Hordaland fylkeskommune, leiar
  • Region Vest: ordførar Børge Haugetun, Øygarden kommune, varaordførar Tom Georg Indrevik, Fjell kommune.
  • Nordhordland: ordførar Karstein Totland, Masfjorden kommune, ordførar Jarle Skeidsvoll, Osterøy kommune
  • Bergensalliansen: ordførar Wenche Tislevoll, Fitjar kommune, ordførar Jorunn Skåden, Sveio kommune
  • Hardanger: ordførar Ingebjørg Winjum, Granvin kommune, ordførar Jon Larsgard, Jondal kommune.
  • Voss: varaordførar Sigbjørn Hauge, Voss kommune
  • Bergen: Julie Andersland, byråd Bergen kommune 
  • Ungdommens fylkesutval: Martin Virkesdal Jonsterhaug

 

Møtereferat og presentasjonar

7. april 2017:

Referat frå klimarådet 7. april (pdf)

Øystein Bull-Hansen - Norske arkitekters landsforbund (pdf)

DNV GL - Hydrogen som energibærer på Vestlandet (pdf)

Sølve Sondbø - Historiens største klimakutt i Hordaland fylkeskommune (pdf)

7. november 2016:

Referat frå klimarådet 7. november (pdf)

Tage Pettersen, Klima Østfold (pdf) 

Klimaråd Hordaland (pdf) 

Einar Aalen Hunsager - Lågutslepsssamfunnet på veg (pdf)

Klima Østfold - Erfaringer fra Østfold med tilrettelegging for lav- og nullutslippskjøretøy (pdf)

Oddmund Sylta - Miljøstrategien til Skyss (pdf)

5. september 2016:

Referat frå klimarådet 5. september (pdf)

Lyntogforum - Vestlandsbanen over Haukeli, Thor W. Bjørlo (pdf)

Thor Furevik, Bjerknessenteret(pdf)

Erik Kolstad - Hordaklimprosjektet (pdf)

23. mai 2016:

Referat frå klimarådet 23. mai (pdf)

Even Husby - Miljø Bergen havn (pdf)

Per Vikse - Renere havn Bergen (pdf)

Vegard Frihammer - Greenstat AS (pdf)

2. mars 2016:

Møtereferat frå klimarådet 2. mars 2016 (pdf)

Hege Økland - NCE Maritime CleanTech (pdf)

Magne Heimvik - SKL, vasskrafta sin plass i det grønne skiftet (pdf)