Energi, miljø og klima

Klimaplan for Hordaland 2014-2030

Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland

Sjå planen

Hordaland fylkeskommune skal bidra til mindre utslepp av klimagassar, og også bidra til ein klimavenleg og meir effektiv energibruk.

Samferdsel er den sektoren fylkeskommunen har størst innverknad på når det gjeld utslepp. I tillegg til kollektivtransport fremjar vi samkøyring og lågutsleppsløysingar på vegen.

Vi er også pådrivar for å etablere ladestasjonar for elbilar i heile fylket.

Fylkeskommunen er vassregionsmyndigheit for Hordaland og har ansvar for regional plan for vassforvalting. Formålet med planen er å sikre god miljøtilstand i vassdrag, innsjøar, grunnvatn og kystvatn.

Vi bidreg til klimavenleg utvikling gjennom direkte føringar, rådgjeving, miljøsertifisering, løyve og finansieringsordningar.

Hordaland fylkeskommune er høyringspart i alle kraft og nettutbyggingar og gjev løyve til utbygging av vasskraftverk inntil 1 MW utanfor verna vassdrag.

Søknader, rettleiing og verktøy

Både næringsliv,enkeltpersonar og organisasjonar kan søkje om tilskot til klimaretta tiltak.

Døme på kven som har fått tilskot

Hardangerfjordseminaret UNG

Målet med Hardangerfjordseminaret UNG er å syne ungdom kva spennande moglegheiter som ligg i og langs fjorden vår.  Miljø og natur, biologi og zoologi, økologi og geologi er vegar til fag og yrke.  I akademia, næringsliv og i forvalting.  Seminaret skal være ein dag for inspirasjon og interessevekkar for å knyte saman fjord, miljø, natur og fag.  Men òg ei påminning om ansvaret vårt som enkeltmenneske og forvaltarar gjennom bruk.

Seminaret samlar årleg elevar frå vg skular kring heile Hardangerfjorden, Kvinnherad, Fitjar, Fusa, Odda, Voss, Øystese og Framnes.

Mjåtveitelven

Mjåtveitelvens forening har som mål å ta vare på elvemuslingane og det biologiske mangfaldet i Mjåtveitelva, og gjere området meir tilgjengeleg for turgåarar, barnehagar og skular. Foreninga fekk i 2017 mellom anna støtte til planane om å bygge nytt sandsvalehotell, for dei 100 hekkande sandsvalene i sandtaket på Mjåtveit næringspark. Dei har gjennom ei årrekkje lagt til rette området med stiar, klopper, benkar, informasjonsskilt og anna for å gjere området langs elva meir tilgjengeleg for fleire.