Søk tilskot: Næringsutviklingsprosjekt med fokus på auka grøn konkurransekraft

Gjennom tilskotsordninga Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland kan du søkje midlar til  næringsprosjekt som skal styrkje grøn konkurransekraft i Hordaland.

Næringslivet i Hordaland må bidra for å få til naudsynte reduksjonar i klimagassutsleppa, redusere energibruken, bidra til å auke bruk av fornybare energikjelder og redusere negative verknadar på miljøet. Samtidig er det eit mål å skape verdiar og nye arbeidsplassar på veg mot lågutsleppssamfunnet i Hordaland.
 
I tilskotsordninga Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland 2018 - 2019 (HNH) er det avsatt 13,5 mill til næringsutviklingsprosjekt med fokus på fornybar energi, partnarskap, klimaretta tiltak og andre tiltak innan det "grøne" skiftet, for auka grøn konkurransekraft i næringslivet i Hordaland. 
 
I alle dei prioriterte bransjane definert i HNH, opnar det seg moglegheiter som til dømes prosjekt innan fornybar energi, bioøkonomi, sirkulærøkonomi, berekraftig reiseliv, massehandtering, byggebransjen og berekraftig samfunn. Du kan lese meir om satsinga i Strategi for grøn konkurransekraft i Hordaland 2019.
 

Kven kan søkje

Organisasjonar, nettverk, klynger, næringshagar, FoU-miljø, kommunar og fleire verksemder i samarbeid kan søkje. Einskildverksemder kan ikkje søkje.

Forankring

I tillegg til at prosjekta skal forankrast i Strategi for grøn konkurransekraft i Hordaland 2019 og Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland 2018 - 2019 er Regional planstrategi 2016 - 2020 og Klimaplan for Hordaland 2014 - 2030 relevante dokument. Prosjekta må også synleggjere kopling til FN sine berekraftsmål.

Relevante dokument

Strategi for grøn konkurransekraft i Hordaland 2019

Klimaplan for Hordaland 2014 - 2030
Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland 2018 - 2019

Regional planstrategi 2016 - 2020

 

 

Krav til søknaden

Søknadar skal sendast inn elektronisk gjennom det nettbaserte søkesystemet RF 13.50 og skal innehalde:

  • Ein omtale av tiltaket det søkast om støtte til, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskotsordninga.
  • Plan for gjennomføring, medrekna aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar.
  • Forventa resultat.
  • Budsjett for prosjektet/tiltaket, inkludert finansieringsplan.
  • Søknadssum.
  • Andre relevante opplysningar søkaren meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjøringa.

Søkjaren skal opplyse til tilskotsforvaltar om føretaket har mottatt offentlig støtte, og eventuelt etter kva avgjerd, for det inneverande året og dei to siste regnskapsåra.

Vurderingskriterier frå Strategi for grøn konkurransekraft i Hordaland 2019 vert lagt til grunn i handsaminga av prosjektsøknadane.

 

Vilkår for tildeling

Det kan søkast tilskot til prosjekt/tiltak som oppfyller følgjande  kriteriar:

  • Vurderingskriterier frå Strategi for grøn konkurransekraft i Hordaland 2019 vert lagt til grunn i handsaminga av prosjektsøknadane.
  • Prosjekta skal vere i tråd med fylkeskommunen sine mål og strategiar for distrikts- og regionalpolitikk.
  • Prosjekta skal synleggjere distrikts- og regionalpolitisk verknad.
  • Prosjekta skal ha god kvalitet og søkjar skal ha gjennomføringsevne.
  • Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det er ikkje tilstrekkeleg at tilskotet medverkar til å oppretthalde eit tilbod.

Midlane kan ikkje dekke:

  • Drift av næringsverksemd eller organisasjonar.
  • Kausjon eller anna økonomisk garanti.
  • Direkte eller indirekte investeringar i verksemder sin eigenkapital.
  • Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt.
  • Drift av eller investeringar i statlige, fylkeskommunale og kommunale lovpålagte oppgåver utført av fylkeskommunen, kommunen eller andre.
  • Å avsette midlar til uspesifiserte fond. Delegerte midlar til kommunar og regionråd, eventuelt andre forvaltarar vert ikkje rekna som fond.
  • Politikkførebuande aktivitetar internt hos forvaltar eller i regi av forvaltar, medrekna kjøp av tenester i samband med utforming av nye tiltak og lovpålagte eller eigeninitierte plan- og strategiprosesser.

Generelt gjeld at midlane skal nyttast i tråd med Regional næringsplan for Hordaland og Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH).

Berekraftige samfunn
Profilbilde av  Ingeborg Sofie Sætrevik
Ingeborg Sofie Sætrevik
40806289