Tilskot til omstilling i petroleumsindustrien i Hordaland

Målet med tilskotsordninga er å stimulere til prosjekt og tiltak som anten medverkar til å handtera konsekvensane av nedbemanning og permiteringar i sektoren, eller til å styrkje og vidareutvikla industribedriftene direkte eller indirekte.

Kven kan søkje

Målgruppa er alle offentlege og private aktørar og organisasjonar som vil medverke til omstilling i leverandørindustrien. Ordninga vil ha særskilt fokus på gode samhandlingstiltak for SMB-segmentet gjennom dei etablerte industriklyngene i fylket. Også bedrifter kan søke om midlar til omstillingsprosjekt. 

Krav til søknaden

Alle søkjarar skal søkje elektronisk gjennom tenesta Regionalforvaltning.no, bruk støtteordning «Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH)».

Søknaden må vere innanfor utlyst tema, riktig utfylt og komplett i høve til mal. 


Søknad skal også innehalde finansieringsplan.

Tildelingskriterier

Midlane skal nyttast som utløysande delfinansiering av konkrete tiltak og prosjekt knytt til kompetanseheving, omstilling, innovasjon og nyskaping. Nokre av midlane kan også nyttast til bedriftsinterne tiltak.

Prosjekta kan vere både individretta og bransjeretta.

Tiltak/prosjekt som er klare for rask oppstart vil bli prioriterte.

Aktuelle tiltak vil vere knytt til følgjande innsatsområde:

  1. Kompetanseheving for arbeidstakarar som skal/vil omstillast
  2. Omstilling og endringsarbeid i leverandørindustrien til olje og gass
  3. Tiltak for vekst i SMB-bedrifter i Hordaland
  4. Felles tiltak knytt til rammevilkåra
  5. Tiltak som styrker leverandørindustrien i retning av «det grøne skiftet» skal prioriterast særskilt.
Profilbilde av Arthur Kristian Arnesen
Arthur Kristian Arnesen
97093086
Profilbilde av Hans Inge Gloppen
Hans Inge Gloppen
97414040
Profilbilde av Torill Monstad
Torill Monstad
98840112