Omstilling

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH)

Skal leverandørindustrien ha ei god framtid, må dei strukturelle problema løysast med omstilling, innovasjon og nyskaping.

Meir om handlingsprogrammet (HNH)

Den vanskelege situasjonen i petroleumsnæringa etter oljeprisfallet i 2014 har skapt behov for samordna regional innsats for å jobbe med problemstillingar knytt til utfordingane for leverandørindustrien i denne næringa. Ansvaret for dette ligg primært hos næringsutøvarane, men myndigheiter, nasjonalt og regionalt, kan medverke ved å gjera noko med rammetilhøva for denne industrien, og ved å stimulera og støtta konkrete tiltak og prosjekt.

Hordaland fylkeskommune har leiaransvaret for strategisk samordning regionalt og skal vere ein mobiliserande og koordinerande aktør overfor kommunane, regionale aktørar, næringsliv og anna samfunnsliv. Fylkeskommunen forvaltar og midlar til regional utvikling, herunder og øyremerka midlar til omstilling.

Det er mykje kompetanse innanfor olje og gassindustrien som for eksempel kan brukast innan område som marin sektor, helse og omsorg, smarte samfunn, rein energi og samferdsel. Samstundes er det veldig vanskeleg for små og mellomstore bedrifter å etablere seg med nye produkt i ein ny marknad eller bransje.

For å styrke leiaransvaret innafor regional utvikling har Hordaland fylkeskommune oppretta eit eige omstillingsutval leia av fylkesordføraren og med representantar frå det offentlege, arbeidstakarorganisasjonane og næringslivet. Omstillingsutvalet har ansvaret for å utvikle og sette i verk ein eigen strategi for omstillingsutfordringane i leverandørindustrien i tillegg til å arbeide med konkrete problemstillingar knytt til utfordringane i olje- og gassindustrien. Strategien er styrande både for utvalet sitt arbeid og for virkemiddelbruken.

Omstillingsmidlane skal bidra til å styrke og utvikle omstillingsevna i industrien og skape arbeidsplassar i område som er ramma av vesentleg reduksjon i sysselsettinga. I tillegg til å styrke konkurranseemne i noverande marknadar er det mykje kompetanse innanfor olje- og gassindustrien som kan brukast innan område som til dømes marin sektor, helse og omsorg, smarte samfunn, rein energi og samferdsel.

Omstillingsmidler og strategi

Her kan du søke om midlar til omstillingstiltak for industrien i Hordaland.