Tilskot til omstilling og nyskaping i industrien i Hordaland

Kven kan søkje

Målgruppa er alle offentlege, private aktørar og organisasjonar som vil medverke til omstilling i industrien. Ordninga vil ha særskilt fokus på gode samhandlingstiltak for SMB-bedrifter gjennom dei etablerte industriklyngene i fylket. Bedrifter kan òg søke om midlar til omstillingsprosjekt i ein tidleg avklaringsfase. 

Krav til søknaden

Alle søkjarar skal søkje elektronisk gjennom tenesta Regionalforvaltning.no. Bruk støtteordning «Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH)».

Søknaden må vere innanfor utlyst tema, riktig utfylt og komplett i høve til mal, samt innehalde finansieringsplan. Ta gjerne kontakt for rettleiing.

Tildelingskriterier

Midla kan nyttast som utløysande delfinansiering av konkrete prosjekt. Prosjekta kan vere individ-, bransje- og bedriftsretta.

Aktuelle tiltak må vere knytt til følgjande strategiske innsatsområde:

  1. Omstilling og nyskaping i industrien
  2. Tiltak for å skape ny vekst i etablerte SMB-bedrifter i industrien
  3. Tiltak som styrker industrien i arbeidet med ny teknologi, auka digitalisering og automatisering
  4. Felles tiltak knytt til rammevilkåra for industrien
Profilbilde av Arthur Kristian Arnesen
Arthur Kristian Arnesen
97093086
Profilbilde av Hans Inge Gloppen
Hans Inge Gloppen
97414040
Profilbilde av Torill Monstad
Torill Monstad
98840112