Omstilling og nyskaping

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH)

I åra framover må det norske samfunnet gjennom ei omfattande omstilling for å møte utfordringane med fallande oljeinntekter, færre yrkesaktive bak kvar pensjonist, og behovet for eit grønt skifte.

Meir om handlingsprogrammet (HNH)

 I åra framover må det norske samfunnet gjennom ei omfattande omstilling for å møte utfordringane med fallande oljeinntekter, færre yrkesaktive bak kvar pensjonist, og behovet for eit grønt skifte. Offentleg forvaltning må òg vere omstillingsdyktig, og bruka ressursane effektivt og i samsvar med endringane som er påkravd. Auka trykk på effektivisering i arbeidslivet gjennom digitalisering, automatisering og bruk av IKT, gjer at det òg er venta auka konkurranse om arbeidskraft mellom næringar og regionar. Utvikling av langsiktig omstillingsevne blir difor viktig for at Hordaland skal få tilgang på kompetanse som gjer fylket i stand til å satsa på samferdsel, forsking, utvikling og innovasjon i arbeidsliv og lokalsamfunn.

Hordaland fylkeskommune har leiaransvaret for strategisk samordning regionalt og skal vere ein mobiliserande og koordinerande aktør overfor kommunane, regionale aktørar, næringsliv og anna samfunnsliv i Hordaland. Det er viktig at det internasjonale arbeidet er ein integrert del av arbeidet med å fremje ein omstillingsdyktig region.

For å styrke leiaransvaret innafor regional utvikling har Hordaland fylkeskommune oppretta eit eige omstillingsutval. Utvalet er leia av fylkesordføraren, med representantar frå det offentlege, arbeidstakarorganisasjonane og næringslivet. Utvalet har ansvaret for å utvikle og sette i verk ein eigen strategi for omstillingsutfordringane i industrien. Strategien er styrande både for utvalet sitt arbeid og for virkemiddelbruken.

Omstillingsmidlane skal nyttast til omstilling og nyskaping i industrien; styrkje og vidareutvikle bedrifter i industrien, og bidra til lønsame og varige bedrifter og arbeidsplassar.

Omstillingsmidler og strategi

Her kan du søke om midlar til omstillingstiltak for industrien i Hordaland.