Mobilitetsprosjekt MobiFORSK

Kandidatar frå næringslivet kan få finansiert eit opphald eller ei bi-stilling i FoU-institusjonar i regionen for ein kortare periode. Ordninga opnar for at forskarar kan hospitere i ei bedrift.

Vi gjer merksam på at det er Høgskulen på Vestlandet som søker mobilitetsprosjekt på vegne av bedrifter og kandidatar. Ta kontakt for identifisering og konkretisering av tema for eit mobilitetsprosjekt.

Eit mobilitetsopphald kan danne grunnlag for vidare samarbeid om forskingsdrevet innovasjon. Kandidaten får muligheit til å sette seg inn i og definere forskbare problemstillingar som er relevant for bedrifta som enten mottar eller sender ut ein kandidat. Opphaldet kan også danne grunnlag for ein søknad om Nærings-phd (NFR-ordning).

Det vil vere eit føremon om prosjekta er innan MobiFORSK sine to satsingsområder.

Målet er at mobilitetsordning skal vere nyttig for dei involverte partane, slik at ein ynskjer å halde fram med eigne resursar og at ein klarar å løfte samarbeidet ut frå individnivå.

Kven kan søkje

Aktuelle kandidatar for personmobilitet er frå enkeltbedrifter eller FoU-miljø.

Vi prioriterer kandidatar frå:

  • Små- og mellomstore bedrifter innan dei prioriterte områda og som har liten forskingserfaring eller som i stor grad nyttar erfaringsbasert innovasjon.
  • Bedrifter som søker samarbeid med FoU med mål om å få fram nye prosjektidear og koplingar som kan føre til konkrete samarbeid om innovasjon og FoU-prosjekt.

Alle mobilitetsinitiativ skal gå via Høgskulen på Vestlandet, som kan søke på vegne av bedrifter og FoU-miljø. Høgskulen på Vestlandet står for planlegging og oppfølging av mobilitetsordninga, men kandidatar kan ha opphald på ulike FoU-institusjonar i regionen.

Korleis kan vi hjelpe

Kontaktpersonen kan hjelpe til med identifisering og konkretisering av tema for mobilitetsprosjektet, basert på konkrete utfordringar som initiativtakar fremjar. Vidare hjelper kontaktpersonen med utforming av søknaden og kartlegg potensielle FoU-miljø som kan bidra i mobiliteten.

Vurderingskriterier

1.       Prosjektet blir vurdert etter følgande hovudkriterier:

  • Gjennomføringsevne
  • Bidrag til å nå målet for MobiFORSK om auka grad av forskingsbasert innovasjon og utvikling i næringslivet
  • Mobilitetsprosjekt MobiFORSK
  • Addisjonalitet
  • Samla vurdering

2.       Deretter vert følgande vurdert:

  • Om kandidaten går inn i ein nyoppretta funksjon i FoU miljøet /bedrifta
  • Kandidaten har minimum 5 års relevant arbeidserfaring
  • Bedriftskandidaten skal jobbe med forsking og utviklings- og nyskapingsvirksomheit i bedrifta medan han er utplassert i FoU miljøet
  • Forskeren skal jobbe med forskning og utviklings- og nyskapingsvirksomhet i bedriften
  • Støtteandelen er mindre enn 50 % av de støtteberettiga kostnadane i eit tidsrom på høyst tre år per foretak og per forskar

MobiFORSK har to tematiske satsingsområde:

  • Satsingsområde 1: Berekraftig vekst innanfor bioøkonomien (BIO)
  • Satsingsområde 2: Teknologiutvikling gjennom bransjekryssande koplingar (TEK)

Mobilitet -Frå FoU til næringsliv

Dersom mobilitetsprosjektet er frå FoU til bedrift har Norges forskingsråd ei eiga rutine som må følgast. Denne finnes her:

Prosedyrer for tildeling av forprosjekt til bedrifter og mobilitet fra FoU-institusjon til bedrift (PDF) 

Det er bedrifta (mottakar) som må søke om slike mobilitetsprosjekt. Søknadsskjema for mobilitet frå FoU-institusjon til bedrift skal gjerast via Norges Forskningsråd

 Velg  «Støtte fra fylkeskommune til mobilitet fra FoU-institusjon til bedrift»

  1. Velg «forprosjekt»
  2. Velg «opprett søknad»

Saksbehandlingstid: 4 veker.

Mobilitet -frå næringsliv til FoU

FoU miljøet som skal ha ein kandidat frå næringslivet gjennom MobiFORSK kan få økonomisk støtte til lønn og kontorkostnader.

Mobilitetsprosjektene skal utvikles i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet som samarbeider med fylkeskommunen om økonomisk støtte.

Saksbehandlingstid: inntil 4 veker.

Relaterte dokument

Høgskulen på Vestlandet, kontaktperson mobilitet
Profilbilde av  Knut Vindenes
Knut Vindenes
982 34 952