Kompetansmekling MobiFORSK

Kompetansemekling er ei teneste som hjelper bedrifter, og grupper av bedrifter, med å identifisere og definere FoU-utfordringar i utviklingsprosjekt. Kompetanemeklaren hjelper med å finne fram til best eigna FoU-kompetanse.

Ta kontakt med ein kompetansemeklar for å få hjelp med å identifisere og konkretisere prosjektidear. 

Tenesta kompetansemekling skal leggje til rette for å mobilisere næringslivet i Hordaland til i større grad å ta i bruk forskingsbasert innovasjon, fornying og omstilling. Det er ei overordna målsetting om ansvarlege innovasjonar, der utviklinga er basert på økonomisk-, miljømessig- og sosial berekraft. 

Målet er å fremje forskingsbasert innovasjon og utvikling i bedrifter og stimulere til å drive og delta i slik utvikling -gjerne i samarbeid med FoU-miljø.

Kven kan få hjelp

Små- og mellomstore bedrifter, bedriftsnettverk, eller klynger innan dei tematiske områda. Vidare vert bedrifter som har liten forskingserfaring eller bedrifter som i stor grad nyttar erfaringsbasert innovasjon prioritert. 

Korleis kan vi hjelpe

Kompetansemeklaren hjelper med å identifisere og konkretise prosjektidear, basert på utfordringar i bedrifta. Vidare kan kompetansemeklaren hjelpe til å få fram forskbare problemstillingar for prosjektet og identifisere potensielle FoU-miljø som kan bidra.

Kompetansemeklaren har også oversikt over aktuelle finansieringskjelder. Kompetansemeklaren skal ikkje skrive søknaden. Meklaren legg til rette for at tillit mellom bedrift og FoU-miljøet blir oppretta, og kan følgje opp vidare frå forprosjekt til meir varig innovasjonsarbeid og eit meir omfattande samarbeid mellom bedrift og FoU-miljø.

I tillegg kan kompetansemeklaren hjelpe til med dialogmøte.

Tematiske satsingsområde

MobiFORSK har to tematiske satsingsområde:

  • Satsingsområde 1: Berekraftig vekst innanfor bioøkonomien (BIO)
  • Satsingsområde 2: Teknologiutvikling gjennom bransjekryssande koplingar (TEK)

Relaterte dokument

Høgskulen på Vestlandet, kontaktperson kompetansemekling og dialogmøte (TEK/BIO)
Profilbilde av  Øyvind Midtbø Berge
Øyvind Midtbø Berge
957 58 554
Christian Michelsen Research AS (CMR), kontaktperson kompetansemekling og dialogmøte (TEK)
Profilbilde av  Kristin Guldbrandsen Frøysa
Kristin Guldbrandsen Frøysa
480 22 045
Bergen Teknologioverføring (BTO), kontaktperson kompetansemekling og dialogmøte (BIO)
Profilbilde av  Mona Leirgulen
Mona Leirgulen
938 96 744