Dialogmøte MobiFORSK

På dialogmøte kan bedrifter frå ulike bransjar, FoU og verkemiddelapparatet treffast for å få fram nye prosjektidear og koplingar.

For å kome i gang med eit dialogmøte treng du ein kompetansemeklar. Vi minn om at det er kompetansemeklaren som søker på vegne av iniativtakaren.

Målet med dialogmøte er å få fram nye prosjektidear og koplingar som kan føre til konkrete samarbeid om forskingsbasert innovasjon og utvikling.

Gjennom MobiFORSK følgjer midlar til å gjennomføre dialogmøter. I dialogmøter vil ein arbeide med nye koplingar både mellom bedrifter, mellom bedrifter og FoU, mellom bedrifter i ulike bransjar, og mellom aktørar som ikkje møtast til vanleg.

MobiFORSK tilbyr også ei kompetansemeklarteneste som skal leggje til rette for å mobilisere næringslivet i Hordaland til å ta i bruk forskingsbasert innovasjon. 

Kven kan søkje

Alle søknader skal gå via kompetansemeklarar -som søker på vegne av initiativtakar. Dialogmøte innafor dei tematiske satsingsområda blir prioritert.

MobiFORSK har to tematiske satsingsområde:

  1. Berekraftig vekst innanfor bioøkonomien (BIO)
  2. Teknologiutvikling gjennom bransjekryssande koplingar (TEK)

Korleis kan vi hjelpe

Kompetansemeklaren kan hjelpe med identifisering og konkretisering av tema for dialogmøte, basert på dei utfordringar som initiativtakar fremjar. 

Kompetansemeklaren søker på vegne av initiativtakar.

Krav til søknaden

Kompetansemeklaren søker på vegne av initiativtakar.

Søknaden må beskrive kva problemstillingar som vert reist i dialogmøtet, og korleis ein vil gjennomføre dialogen. Kva miljø ein vil invitere og kva innlegg som skal bidra til å skape dialog og avdekke nye idear for samarbeid. 

Søknaden må også beskrive korleis ein vill følge opp bedrifter og idear i etterkant av dialogmøtet, og beskrive kva rolle kompetansemeklaren skal ha i å følge opp idear. 

Finansiering frå andre skal dokumenterast ved kopi av vedtak eller tilsegn. Aktørar som tilrår si støtte til søknaden skal dokumenterast ved eventuelle vedtak, støtteerklæringar og liknande. Om dette ikkje er på plass ved innsending av søknaden, ber vi om at dokumentasjon blir ettersendt så snart som råd og før søknaden blir handsama.

Saksbehandlingstid inntil fire veker.

Relatert dokument

Prosjektleiar Hordaland fylkeskommune
Profilbilde av Ingjerd Skogseid
Ingjerd Skogseid
91696016
Høgskulen på Vestlandet, kontaktperson kompetansemekling og dialogmøte (TEK/BIO)
Profilbilde av  Øyvind Midtbø Berge
Øyvind Midtbø Berge
97558554
Christian Michelsen Research AS (CMR), kontaktperson kompetansemekling og dialogmøte (TEK)
Profilbilde av  Annette Fagerhaug Stephansen
Annette Fagerhaug Stephansen
+47 402 23 815
Bergen Teknologioverføring (BTO), kontaktperson kompetansemekling og dialogmøte (BIO)
Profilbilde av  Mona Leirgulen
Mona Leirgulen
938 96 744