Meir forsking i bedrift - Mobiforsk

MobiFORSK hovudmål

Mobilisere til auka forsking og innovasjon i næringslivet i Hordaland for å bidra til berekraftig verdiskaping og «grøn» omstilling.

Hordaland fylkeskommune skal bidra til å mobilisere til forskingsbasert innovasjon i bedriftene. Målet er at Hordaland får fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø.

MobiFORSK har to tematiske satsingsområde:

  • Berekraftig vekst innanfor bioøkonomien - berekraftig produksjon av sjømat og landbruksprodukt og anna utnytting av biologiske ressursar som ny bruk av avfall, bioenergi, nye ingrediensar mv.
  • Teknologiutvikling gjennom bransjekryssande koplingar - å bidra til at eksisterande teknologi og kompetanse i regionen vert nytta på nye og smarte måtar og som sikrar ein berekraftig vekst i eksisterande- og nye bransjar.

MobiFORSK er eit 3-årig prosjekt i perioden 2017-2019 og ei vidareføring av satsinga Virkemiddel for regional FoU og Innovasjon (VRI).

MobiFORSK har tre ulike tenester og tilskotsordningar: kompetansemekling, dialogmøte og mobilitet.

MobiFORSK er knytt til Norges Forskningsråd sitt program FORREGION (Forskningsbasert innovasjon i regionene). Disse skal arbeide for å fremme innovasjon i næringsliv og offentlig sektor i hele landet.

FORREGION består av tre pilarar, der MobiFORSK er eit prosjekt i pilar 1 - Mobilisering til forskingsbasert innovasjon.

Tenester og relaterte dokument

Les meir om Hordaland fylkeskommune si satsing på forsking og innovasjon

Forsking og innovasjon