Invest in Bergen

Invest in Bergen er eit initiativ for å få fleire nasjonale og internasjonale investeringar og etableringar i regionen.

Invest in Bergen er den offisielle organisasjonen i Hordaland som arbeidar for å få fleire investeringar og bedriftsetableringar i Bergensregionen. Så langt er 19 kommunar og Hordaland fylkeskommune saman om initiativet, og det arbeidast for at alle kommunane i Hordaland vert med som partnar i ordninga. Tenestene er gratis.

Invest in Bergen er den lokale partnaren til Invest in Norway, som er ein del av Innovasjon Norge. Gjennom Invest in Norway har vi og kontakt inn til Utanriksdepartementet sine utanriksstasjonar. 

Kva gjer Invest in Bergen?

Invest in Bergen har eit godt nettverk og er godt kjend med næringane, klyngene og organisasjonane i Hordaland. Dei er våre gode samarbeidspartnarar, og er naudsynte for å kunne gje nyetableringar eit nyttig nettverk. Desse er og viktig samarbeidspartnarar for å jobbe målretta for å få fleire etableringar og investeringar i regionen.  

Invest in Bergen arbeidar langs fire aksar:

  • Marknadsføring og profilering av regionen.
  • Aktivt sal av regionen som ein attraktiv stad å etablere seg i.
  • På staden-service til dei som vitjar regionen.
  • Næringsvenleg offentleg sektor: Kva må kommunane og det offentlege leggje betre til rette for at nytt næringsliv skal etablere seg her hjå oss.

Nyttige verkty

For å gjere jobben enklare har Invest in Bergen etablert nokre nyttige verkty:

  • Nettsida vår på engelsk arbeider vi kontinuerleg med for å halde ho oppdatert og aktuell.
  • Arealguiden synar dei fleste større næringsareala i regionen. Næringsareal er vanlegvis avgjerande for om ei verksemd vel å kome til vår region. 
  • Nyhendebrev. Invest in Bergen skriv nyhendebrev til ei rekkje ulike målgrupper. 
  • Sosiale mediar. Følg Invest in Bergen på 
    Facebook 
    Twitter 
    LinkedIn 

Eigarar

Invest in Bergene er finansiert av Hordaland fylkeskommune og følgjande kommunar: Askøy, Austrheim, Bergen, Eidfjord, Fedje, Fusa, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Os, Osterøy, Radøy, Samnanger, Sund, Ulvik, Vaksdal, Voss og Øygarden.

Det er satt saman ein styringsgruppe med følgjande representantar:

  • Bård Sandal, leiar, fylkesdirektør regional utvikling, Hordaland fylkeskommune
  • Julie Andersland, byråd Bergen kommune (Bergen)
  • Karstein Totland, ordførar Masfjorden kommune (Nordhordland)
  • Børge Haugetun, ordførar Øygarden kommune (Region Vest)
  • Jon Larsgård, ordførar Jondal kommune (Hardanger)
  • Marie Elisabeth Lunde Bruarøy, ordførar Os kommune (Bjørnefjorden)

Eigarmøte vert halde kvart år. 

Rådgjevar Invest In Bergen
Profilbilde av Tone Hartvedt
Tone Hartvedt
91729055
Rådgjevar Invest In Bergen
Profilbilde av Vidar Totland
Vidar Totland
95912970