Årsrapportering frå fleirårige prosjekt

Fleirårige prosjekt skal årleg rapportere på status i prosjektet innan 1. mars til Hordaland fylkeskommune.

Årsrapporteringa gjeld alle fleirårige prosjekt som har fått innvilga tilskot over Handlingsprogram for næringsutvikling (HNH) eller Kompensasjonsmidlane, og som ikkje ber om del- eller sluttutbetaling av tilskot.

Når søkjar ber om utbetaling av tilskot skal dette gjerast gjennom www.regionalforvaltning.no. Her skal søkjar fylle ut ein "statusrapport" (ved delutbetaling) eller "sluttrapport" (ved sluttutbetaling), og treng såleis ikkje fylle ut årsrapporteringa om dette skjer før 1. mars. 

Handlignsprogram for næringsutvikling (HNH)

Årsrapporteringa gjerast slik

I høve tilsegnsbrevet under "Vilkår":

  • Tilsegnsmottakar skal fylle ut årsrapporten og sende denne til Hordaland fylkeskommune pr. 1. mars kvart år, så lenge prosjektet pågår. 
  • Årsrapporteringa gjerast etter mal, sjå lenkje til høgre på denne sida.
  • Årsrapporten skal signerast av prosjekteigar.

Prosjekt som vert avslutta innanfor ei tidsramme på eitt år, er friteken for årsrapportering. Spørsmål kan rettast til sakshandsamar.

Årsrapporten sendast pr epost til regional@hfk.no eller pr. post til:

Hordaland fylkeskommune
Regionalavdelinga
Postboks 7900
5020 BERGEN