Tilskot: Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland (HNH)

Formålet med tilskotsordninga er å stimulere til næringsretta utviklingstiltak i Hordaland. Gode utviklingsprosjekt som ikkje er direkte næringsretta kan også få støtte.

hfk-1113409.jpg

Innanfor handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland 2018 - 2019 er det mogleg å søke midlar til prosjekt innan regional næringsutvikling, lokalsamfunnsutvikling og utvikling av attraktive regionale senter. Nærings- og samfunnsutvikling som legg til rette for det grøne skiftet, entreprenørskap, og attraktive og inkluderande samfunn kan få støtte.

Innsatsområder i 2018 - 2019

Kven kan søke

  • Kommunar
  • Organisasjonar og institusjonar med brei lokal eller regional forankring

Kven kan ikkje søke:

  • Bedrifter og etablerarar: dei vert forvalta av Innovasjon Norge
  • Privatpersonar kan ikkje søke om støtte

 

Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland (HNH)

Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland er forankra i Regional planstrategi og Regional næringsplan for Hordaland 2013-2017. Den sist nemnde planen gjeld fram til ny felles næringsplan med Sogn og Fjordane er vedtatt.

Krav til søknaden

Søknadar skal sendast inn elektronisk gjennom regionalforvaltning.no og skal innehalde:

  • ein omtale av tiltaket det søkast om støtte til, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskotsordninga
  • plan for gjennomføring, medrekna aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar
  • forventa resultat
  • budsjett for prosjektet/tiltaket, inkludert finansieringsplan
  • søknadssum
  • andre relevante opplysningar søkaren meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjeringa

Søkjaren skal opplyse om føretaket har mottatt offentlig støtte, og eventuelt etter kva avgjerd, for det inneverande året og dei to siste regnskapsåra. 

Vilkår for tildeling

Det kan søkast tilskot til prosjekt/tiltak som oppfyller følgjande  kriteriar:

  • er i tråd med fylkeskommunen sine mål og strategiar for distrikts- og regionalpolitikk
  • kan synleggjere distrikts- og regionalpolitisk verknad
  • har god kvalitet og kor søkar har gjennomføringsevne
  • tilskotet skal ha utløysande effekt. Det er ikkje tilstrekkeleg at tilskotet medverkar til å oppretthalde eit tilbod

    Midlane kan ikkje dekke:

  • drift av næringsverksemd eller organisasjonar
  • kausjon eller anna økonomisk garanti
  • direkte eller indirekte investeringar i verksemder sin eigenkapital
  • renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt
  • drift av eller investeringar i statlige, fylkeskommunale og kommunale lovpålagte oppgåver utført av fylkeskommunen, kommunen eller andre
  • å avsette midlar til uspesifiserte fond. Delegerte midlar til kommunar og regionråd, eventuelt andre forvaltarar vert ikkje rekna som fond.
  • politikkførebuande aktivitetar internt hos forvaltar eller i regi av forvaltar, medrekna kjøp av tenester i samband med utforming av nye tiltak og lovpålagte eller eigeninitierte plan- og strategiprosesser

Generelt gjeld at midlane skal nyttast i tråd med Regional næringsplan for Hordaland og Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH)

Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling
Profilbilde av Hans Inge Gloppen
Hans Inge Gloppen
97414040
Heilskapleg samfunnsutvikling
Profilbilde av Kari Patricia Kleppe
Kari Patricia Kleppe
90993968
Grøn konkurransekraft
Profilbilde av Siri Hanson
Integrering og arbeid
Andreas Ask
45203946