Entreprenørskap og innovasjon

Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland (HNH)

Entreprenørskap og innovasjon oppstår når kompetanse, nettverk og kapital blir kombinert på nye måtar

Sjå handlingsprogrammet (pdf)

Hordaland fylkeskommune skal stimulere til innovasjon og entreprenørskap i regionen. Målet er at Hordaland får fleire gode gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø.

Hordaland har sterke næringsklynger og forskingsmiljø som gir eit godt grunnlag for entreprenørskap og innovasjon i fylket.

Fylket har tre innsatsområder i arbeidet med entreprenørskap og innovasjon:

  • Fleire gode gründerar: Stimulere til at fleire lukkast med å etablere eiga verksemd, og maktar å ta etableringa over i ein vekstfase.
  • Fleire vekstkraftige bedrifter: Auka innovasjonsgrad, auka produktivitet, realisering av potensialet for lønsemd og betre konkurransekraft er avgjerande for vekst og sikring av arbeidsplassar i eksisterande verksemder i fylket. 
  • Fleire innovative næringsmiljø: Stimulere til utvikling av klynger og andre innovative næringsmiljø med vekstpotensiale.

Tilskotsordninger og tiltak

Her finn du dei ulike tilskotsordningane og framgangsmåte for å søke om tilskot. Her er og tiltak for gründerar og investorar.