Ymse tilskot - utlysing av restmidlar

Hordaland fylkeskommune har i budsjettet sitt ei tilskotsordning med nemninga «ymse tilskot». Etter tildeling i budsjettvedtaket for 2019, står det att midlar. Lag, grupper, institusjonar og organisasjonar kan søke om tilskot innan 1. mars 2019.

Søknadene skal til politisk behandling i fylkesutvalet.

Kriterium

Tilskotet går til tiltak som kjem Hordaland-samfunnet til gode, og ligg innanfor kjerneområda for fylkeskommunen si verksemd, i samsvar med vedtak i fylkesutvalssak 64/2018.

Krav til søknaden

Skriv ein kort omtale av kva de ønskjer å nytte tilskotsmidlane til, inklusive målsettingar og relevans for tilskotsordninga.

Desse kan søke

Lag, grupper, institusjonar og organisasjonar. Einskildpersonar kan ikkje søke.