Tilskot til utbygging av breiband i Hordaland

Hordaland fylkeskommune er tildelt ei ramme på 8,3 millionar kroner øyremerkt til utbygging av infrastruktur for breiband i område av fylket der det ikkje er kommersielt interessant å bygge ut. Kommunar kan søkje om tilskot.

Prosjekt som kan få støtte er 

• Utbygging i område med dekning under 10 Mbit/s.
• Oppgradering i område med dekning under 30 Mbit/s.
• Prosjekt som kombinerer utbygging begge områda

Kven kan søkje

Kommunar i Hordaland.

Kva kan støttast

 

  • Tilskot skal vera i tråd med gruppeunntaket for breibandstøtte. Prosjekt som søkjer tilskot frå ordninga må følgja regelverket for offentlege innkjøp og unngå konkurransevriding, samt sikre at det blir høve til konkurranse på tenester og innhald.
  • Minst 50 % av midlane som er avsett til Hordaland skal nyttast til utbygging av breiband i område med dekning under 10 Mbit/s, under føresetnad av at det fins nok slike område i fylket.
  • Lokale bidrag skal utgjere minst 25 % av dei totale prosjektkostnadene for prosjekta (samla) som det vert søkt om støtte til. Lokale bidrag kan vera kommunal medfinansiering, finansiell støtte frå private aktørar, dugnadsinnsats med meir, men ikkje utbyggar si medfinansiering.
  • Prosjekta skal vera teknologinøytrale. Det vil seia at det ikkje kan stillast krav om fiberbreiband, men det kan stillast krav om oppgradering til minimum 100 Mbit/s i løpet av 2-3 år.
  • Breibandstilbodet som vert etablert gjennom ordninga skal ha ein fastpris til sluttbrukar, som er uavhengig av bruken.
  • Prosjektet som mottar tilskot skal gje eit reelt breibandtilbod til alle husstandar og verksemder innanfor det aktuelle området.
  • Utbyggjarar med offentleg støtte skal tillata andre leverandørar av breiband i tilgrensande område å kopla seg på det aktuelle nettet til rimelege vilkår.
  • Kommunen som søker om tilskot må undersøkja om det er kommersielle aktørar som har planar om utbygging i det aktuelle området, og dokumentera kva for tilbydarar av breiband som er kontakta. I tillegg må det bekreftes at prosjektet det søkes om støtte til, kan oppgraderast til eit breibandstilbod med minimum 100 Mbit/s innan 2-3- år.
  • Ved å logge på FTP-serveren: ftp://ftp.nkom.no kan det hentast ned dekningskart for relevante kommunar. Brukarnamn og passord er sendt i eigen e-post til kommunane.

Krav til søknaden

Tiltak/prosjekt som er klare for oppstart i 2018 vil bli prioritert. Søknad skal utfyllast med informasjon om prosjektet, kven som står bak og korleis det vert finansiert slik det går fram av det elektroniske søknadsskjemaet. Søknadar skal registrerast elektronisk på www.regionalforvaltning.no.
Bruk støtteordning "Tilskot til utbygging av breiband i Hordaland 2018"

Kommunar som vil søkja om tilskot til sine prosjekt finn meir informasjon på denne lenka.

Breibandsprosjekt som fekk støtte i 2018

Hordaland fylkeskommune fekk tildelt ei ramme på 8,3 millionar kroner øyremerkt til utbygging av infrastruktur for breiband i område av fylket der det ikkje er kommersielt interessant å bygge ut. Tabellen under viser kva prosjekt som fekk statleg støtte til utbygging av breiband i 2018. Det er forventa at utbyggingsavtaler er på plass våren 2019.

Prosjekt som fekk støtte i 2018

Kommune

Geografisk område

Tal på husstandar som vil få/har fått tilbod

Tal på husstandar som har inngått avtale

Statleg tilskot

Meland Landsvik‐Skjelanger, Ådland, Io, Håtuft‐Espetveit, Fosse, Eikeland, Erstad‐Meland-Bjørnestad og Dalstø 502   4 125 675
Kvinnherad Strekninga Matre ferjekai‐Åkra og Snilstveitøy‐Skorpo 167   3 800 000
Os Sørstrøno 65   400 000

 

 

Kontaktperson
Profilbilde av Hans Inge Gloppen
Hans Inge Gloppen
97414040