Søk om tilskot
Søkjar må registrere seg på regionalforvaltning.no. Bruk støtteordning Midlar til universelt utforma møteplassar i regionsentra 2019.
Søknadsfrist 15. september
regionalforvaltning.noFøremål
I Hordaland har vi mål om at det skal vere inkluderande sentrumsområder som bidreg til å skape ein triveleg og enklare kvardag for folk, uavhengig av alder, livssituasjon og funksjonsnivå. For å lukkast med dette treng vi gode stader som inviterer til å treffast på tvers av generasjonar og legg til rette for leik og opphald for alle.
Vi inviterer kommunar og andre aktørar i regionsentra til å gå saman om å skape ein møteplass som er inspirerande, universelt utforma, nyskapande og som speler på lag med staden sitt særpreg og identitet.
Kven kan søkje
Hordaland fylkeskommune inviterer regionsenterkommunar til å søkje om tilskot opp til 300 000 kr. Vi gir tilskot til tre til fire gode prosjekt.Pengane skal nyttast innan utgangen av 2020.
Kva kan støttast
Tilskot til utvikling av ein attraktiv og inkluderande møteplass på tvers av aldersgrupper, i regionsenter. Eit hovudpremiss er at møteplassen og tilkomst er universelt utforma.
Vi ser etter kreative løysingar i utforming og materialbruk med gjennomgåande god design og bruk av varige materialar, for å skape eit attraktivt senter over tid. Det vil bli lagt vekt på at prosjektet kan vere med på å styrke identiteten på staden og inngå i nettverk av gangårar og byrom i sentrum på ein naturleg måte.
Søkjar må vise til god lokal forankring og medverknad med andre lokale og/eller regionale aktørar. Kommunen må stå som eigar av prosjektet. Nytenking innanfor medverknad vil vekta positivt saman med godt opplegg for gjennomføring og finansiering. Søkjar vert oppmoda til å sjå tiltaka i samanheng med anna utvikling og planarbeid.
Det vil ikkje bli gitt tilskott til prosjekt som allereie er gjennomført eller til fysiske investeringar, men søkjar vert oppmoda til å sjå tiltaka i samanheng med anna andre tilskotsordningar, som t.d. spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
Søknadsfrist
15. september 2019
Relaterte dokument
Handlingsprogram for folkehelse 2018-2021 ( pkt 2.3)
Regional plan for folkehelse 2014 - 2024
Regional plan for attraktive senter (Kap. 2)
Andre ressursar
Håndbok _Aldersvennlig stedsutvikling