Tilskot til regionsenter og lokalsamfunnsutvikling

Hordaland fylkeskommune prioriterer satsing på utvikling av attraktive regionsenter og lokalsamfunn gjennom Handlingsprogram for næringsutvikling (HNH). Intensjonen er å styrke ei brei samhandling og utviklingsprosessar på tvers av miljø og sektor knytt til slikt arbeid.

Kven kan søkje?

Prioritert målgruppe er kommunar. Organisasjonar og institusjonar kan også fremje søknader, men må kunne dokumentere god lokal forankring og prioritering frå den aktuelle kommunen.

Kva kan du få støtte til?

Utvikling av attraktive regionsentre er ein sentral del av ein politikk for balansert regional næringsutvikling i Hordaland. Fylkeskommunen kan bidra til utvikling av attraktive regionsenter med mellom anna økonomiske virkemiddel til næringsretta tiltak, rettleiing, analysar og kompetanseheving.

Stadanalysar, moglegheitsstudiar og utgreiingar i samband med kommunal planlegging og by- og tettstadutvikling. Styrke brei samhandling og utviklingsprosessar på tvers av miljø og sektorar i tilknyting til slikt arbeid.

Prosjekta må elles vere knytt til innsatsområde "Bergensregionen, regionsenter og lokalsamfunnsutvikling i Hordaland" 

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland 2018 - 2019

Prosjekt som er utviklingsretta og som stør opp under handlingsprogrammet i Regional plan for attraktive senter i Hordaland er særleg velkomne.

Krav til søknaden

Føreset normalt kommunal og eventuelt anna finansiering i minst tilsvarande storleik. Det vert lagt vekt på god framdrift og politisk forankring lokalt. Delar av kommunen sitt bidrag kan vere i form av eigeninnsats. 

Kontaktperson
Profilbilde av Kari Patricia Kleppe
Kari Patricia Kleppe
90993968
Kontaktperson
Profilbilde av Ingeborg Sofie Sætrevik
Ingeborg Sofie Sætrevik
40806289