LivOGLyst i ditt lokalsamfunn

LivOGLyst er eit program og nettverk for deg som ønskjer å vidareutvikle lokalsamfunnet ditt. LivOGLyst er ei satsing der menneske, næringsliv, organisasjonar og kommunar samhandlar.

I LivOGLyst er kvart menneske viktige lokalsamfunnsutviklarar. Programmet har "nedanfrå og opp" som grunnhaldning. Føremålet er å styrkja lokalsamfunnet i brei forstand, med omsyn til lokal identitet, bulyst og lokalt næringsliv.

Ved søknadsfrist 25. oktober 2019 er alle kommunar i nye Vestland invitert til å søkje programmet! Aktuelle søkjarar er lokalsamfunn i bymiljø, distrikt og større bygdemiljø.

Oppdragsgjevar for LivOGLyst-satsinga er ein partnarskap mellom Hordaland fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Innovasjon Norge Vestland og Fylkesmannen i Vestland.

Vi tilbyr

  • Nettverk
  • Nyttige kurs
  • Rettleiing
  • Innsikt i prosjektmetodar
  • Økonomisk tilskot

LivOGLyst-hovudprosjekt (treårig) vert tildelt finansiell stønad over ein treårig periode (100 000,- kvart år). LivOGLyst-utviklingsprosjekt (eittårig) vert tildelt finansiell stønad over eitt år (50 000,-). Eittårig utviklingsprosjekt dannar grunnlag for mogleg 3-årig deltaking.

Vi forventar

  • At arbeidet er inkluderande og legger til rette for at eit mangfald av utviklingsaktørar kjem i dialog med kvarandre (lag- og foreiningar, næringsliv og kommune)
  • Opne mobiliseringsprosessar avgjer kva tiltak ein skal prioritere i utviklingsarbeidet
  • At du tek aktiv del i LivOGLyst-nettverket

Aktuelle søkjarar

  • Lag og foreiningar

Nedanifrå-og-opp er ei viktig grunnhaldning i LivOGLyst-programmet. Arbeidet skal vere forankra i lokalsamfunnet med lag eller foreining som eigar og leiar av prosjektet. Kommunen eller andre utviklingsaktørar kan vere med som initiativtakar til søknad.

Krav til søknaden

Alle søkjarar skal søkje elektronisk gjennom tenesta regionalforvaltning.no

Sjå søkjarhefte med rettleiing til søknad i regionalforvaltning.

Vilkår for tildeling

  • Krav om kommunal deltaking. Det skal bli utpeika ein kontaktperson frå kommunen. For 3-årig søkjarar er det i tillegg eit krav om at kommunen må medverke med minst kr 30.000 årleg til prosjektet
  • Deltaking i kompetansegjevande nettverk er ein obligatorisk del av LivOGLyst-programmet
  • Rapportering
Prosjektleiar
Profilbilde av  Ingeborg Sofie Sætrevik
Ingeborg Sofie Sætrevik
40806289