Tilskot til heilskapleg samfunnsutvikling

Heilskapleg samfunnsutvikling er eit av innsatsområda i Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland 2018 - 2019 (HNH). Formålet med ordninga er å stimulere til regional nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland. Det er mogleg å søke midlar til prosjekt innan regional utvikling, lokalsamfunnsutvikling og utvikling av attraktive regionale senter.

Prosjekt som er utviklingsretta og som stør opp under handlingsprogrammet i Regional plan for attraktive senter i Hordaland er særleg velkomne. Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland er forankra i Regional planstrategi og Regional næringsplan for Hordaland 2013-2017. Den sist nemnde planen gjeld fram til ny felles næringsplan med Sogn og Fjordane er vedtatt.

Innsatsområder i 2018 - 2019

- Styrka brei samhandling og utviklingsprosessar på tvers av miljø og sektorar, og bidra til samspel mellom kommune, region og stat for få ei positiv utvikling i kommunane.

Aktuelle søkjarar

Kommunar, organisasjonar og institusjonar med brei lokal eller regional forankring.

Kven kan ikkje søke:

  • Bedrifter og etablerarar: bedriftstøtte og støtte til etablerarar vert forvalta av innovasjon Noreg.
  • Privatpersonar kan ikkje søke om støtte.

Relaterte dokument

Krav til søknaden

Søknadar skal sendast inn elektronisk gjennom det nettbaserte søkesystemet RF 13.50 og skal innehalde:

  • Ein omtale av tiltaket det søkast om støtte til, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskotsordninga.
  • Plan for gjennomføring, medrekna aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar.
  • Forventa resultat.
  • Budsjett for prosjektet/tiltaket, inkludert finansieringsplan.
  • Søknadssum.
  • Andre relevante opplysningar søkaren meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjøringa.

Søkjaren skal opplyse til tilskotsforvaltar om føretaket har mottatt offentlig støtte, og eventuelt etter kva avgjerd, for det inneverande året og dei to siste regnskapsåra. 

Vilkår for tildeling

Det kan søkast tilskot til prosjekt/tiltak som oppfyller følgjande  kriteriar:

  • Er i tråd med fylkeskommunen sine mål og strategiar for distrikts- og regionalpolitikk.
  • Kan synleggjere distrikts- og regionalpolitisk verknad.
  • Har god kvalitet og kor søkar har gjennomføringsevne.
  • Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det er ikkje tilstrekkeleg at tilskotet medverkar til å oppretthalde eit tilbod.

Midlane kan ikkje dekke:

  • Drift av næringsverksemd eller organisasjonar.
  • Kausjon eller anna økonomisk garanti.
  • Direkte eller indirekte investeringar i verksemder sin eigenkapital.
  • Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt.
  • Drift av eller investeringar i statlige, fylkeskommunale og kommunale lovpålagte oppgåver utført av fylkeskommunen, kommunen eller andre.
  • Å avsette midlar til uspesifiserte fond. Delegerte midlar til kommunar og regionråd, eventuelt andre forvaltarar vert ikkje rekna som fond.
  • Politikkførebuande aktivitetar internt hos forvaltar eller i regi av forvaltar, medrekna kjøp av tenester i samband med utforming av nye tiltak og lovpålagte eller eigeninitierte plan- og strategiprosesser.

Generelt gjeld at midlane skal nyttast i tråd med Regional næringsplan for Hordaland og Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH)

Profilbilde av Kari Patricia Kleppe
Kari Patricia Kleppe
90993968
Profilbilde av  Ingeborg Sofie Sætrevik
Ingeborg Sofie Sætrevik
40806289