Søknadsfrist og fremgangsmåte
Søkjar må registrere seg på regionalforvaltning.no. Bruk støtteordning "Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland".
Søknadsfrist 1. april
Søk tilskotFormål
Hordaland fylkeskommune ønskjer å bidra til god integrering. Vi inviterer kommunar, næringsliv og andre utviklingsaktørar til eit aukande fokus på arbeid med integrering
I denne samanheng er det øyremerkt 1,5 millionar kronar for å styrkje arbeidet med integrering av flyktningar, med særleg fokus på å fremje deltaking i arbeidslivet.
Kven kan søkje
Hordaland fylkeskommune inviterer primært kommunar og interkommunale samarbeidsorgan til å søkje om tilskot. Organisasjonar og institusjonar kan også fremje søknader, men må kunne dokumentera til samarbeid med kommune/-ar. Søkjar må vise til god lokal forankring på arbeid med integrering.
Kven kan ikkje søkje
- Bedrifter og etablerarar: dei vert forvalta av Innovasjon Norge
- Privatpersonar kan ikkje søkje om støtte
Kva kan støttast
Støtta skal gå til arbeid som styrkjar kunnskapsgrunnlag eller aktivitetar som vil fremje integrering og deltaking av flyktningar i arbeidslivet.
Midlane kan nyttast til kartlegging- og oversiktsarbeid, eventuelt mobilisering og utvikling av tiltak eller prosjekt, dersom tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag ligg føre.
Om det er midlar att etter denne søknadsrunden, vil søknadar bli handsama fortløpande.
Relaterte dokument
Regional plan for folkehelse 2014 - 2024
Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling 2018 - 2019