Heilskapleg samfunnsutvikling
Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland (HNH):
...utvikling gjennom å styrka brei samhandling og prosessar på tvers av miljø og sektorar.
Sjå handlingsprogrammet (HNH)Heilskapleg samfunnsutvikling for ein velfungerande bergensregion, attraktive regionsenter og lokalsamfunn der heilskapleg integreringsarbeid og god folkehelse er førande i all samfunnsutvikling.
Hordaland fylkeskommune skal vere med og styrke dei regionale sentra i fylket. Skal eit regionsenter i distrikta trekke til seg verksemder og kompetanse, er større fagmiljø og eit mangfald av arbeidsgjevarar ein viktig føresetnad.
Regionsentera er eit mellomnivå mellom fylkessenteret og kommunesenteret. Regionsentera har ei viktig rolle i å tilby innhald og funksjonar som ein ikkje kan forvente å finne i alle kommunar.
Fylkeskommunen kan bidra til utvikling av attraktive regionsenter med mellom anna økonomiske virkemiddel til næringsretta tiltak, rettleiing, analysar og kompetanseheving.
Vi legg også til rette for etablering av møteplassar mellom stat, kommunar og fylkeskommunen.
Regionsenter i Hordaland er Knarvik, Vossevangen, Straume, Kleppestø, Osøyro, Norheimsund, Odda sentrum, Leirvik og Husnes.
Tilskotsordningar
Her finn du informasjon om dei ulike tilskotsordningane og framgangsmåte for å søke om tilskot.
-
Tilskot til universelt utforma møteplassar i regionsentra 2019
Frist: 15. september 2019
-
Tilskot til heilskapleg samfunnsutvikling
Ingen søknadsfrist
-
Unike regionale utviklingsprosjekt (tidl. Konsesjonskraftmidlar)
Søknadsfrist 14. juni 2019
-
Tilskot til kommune og tettstadsutvikling
Ingen søknadsfrist
-
Tilskot LivOGLyst
Søknadsfrist 25. oktober
-
Tilskot til utbygging av breiband i Hordaland
Søknadsfrist 18. mai
-
Klimaretta tiltak og grøn konkurransekraft
Ingen søknadsfrist
-
Midlar til integrering og arbeid
Ingen søknadsfrist.
-
Tilskot utanfor etablerte tilskotordningar
Søknadsfrist 1. mars