Innovasjon og kompetanse
Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland (HNH)
Entreprenørskap og innovasjon oppstår når kompetanse, nettverk og kapital blir kombinert på nye måtar
Sjå handlingsprogrammet (pdf)Entreprenørskap og innovasjon
Hordaland fylkeskommune skal stimulere til innovasjon og entreprenørskap i regionen. Målet er at Hordaland får fleire gode gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø.
Hordaland har sterke næringsklynger og forskingsmiljø som gir eit godt grunnlag for entreprenørskap og innovasjon i fylket.
Relevant kompetanse
Hordaland fylkeskommune skal vere med å ruste innbyggjarane til å møte framtidige kompetansebehov. Dette skal vi gjere ved å vidareutvikle fleksible utdanningsmodellar med meir veksling mellom teoretisk og praktisk læring.
Vi ønskjer også å medverke til at fleire får kompetanse som er tilpassa dei behova næringslivet etterspør. Vi tilbyr finansieringsordningar, tiltak og rådgjeving. Målet er å auke talet på personar som tek fagbrev innan etterspurte fagutdanningar og å auke talet på godkjente lærebedrifter.
Tilskotsordninger og tiltak
Her finn du dei ulike tilskotsordningane og framgangsmåte for å søke om tilskot. Her er og tiltak for gründerar og investorar.
-
Tilskot til entreprenørskap og innovasjon
Ingen søknadsfrist
-
Tilskot til relevant kompetanse
Ingen søknadsfrist
-
www.Kom-an.no
For etablerarar og gründerar
-
Etablerersenteret
Kurs, rettleiing og nettverkstreff for gründere, entreprenører og oppstartsbedrifter.
-
Invest in Bergen
Eit initiativ for å få fleire investeringar og etableringar i regionen.
- Etablerarfond for bergensregionen
- Etablerarfond for Sunnhordland
-
RULL-midlane
Søknadsfristar 15. april og 15. oktober
-
Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland
Ingen søknadsfrist