Grøn konkurransekraft

Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland (HNH)

Globalt vert det grøne skiftet førande for samfunnsutviklinga. Vår evne til nytenking er avgjerande for ein berekraftig region.

Sjå handlingsprogrammet (HNH)

Å byggje grøn konkurransekraft for Norge betyr å kutte klimagassutslepp, auke verdiskapinga og sikre høg sysselsetjing. Hordaland fylkeskommune skal vere med å ruste næringslivet i Hordaland til å møte det "grøne" skiftet.

Globalt vert det grøne skiftet stadig viktigare for samfunnsutviklinga. FNs berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. FNs universelle berekraftsmål dannar ei tydeleg ramme for økonomisk, sosial og miljømessig utvikling.

Norge sine nasjonale klimamål er å bli eit lågutsleppsamfunn innan 2050. Målet er lovfesta, til å kutte utsleppa av klimagassar med 80 - 95 prosent frå referanseåret 1990. Norge har under Parisavtalen forplikta seg til å redusere utsleppa med minst 40 prosent innan 2030.

Tilskotsordningar

Gode døme

Får utdanning på jobben

- No skal eg ha ein pause, og så blir det sikkert ingeniørutdanning på sikt, seier Sivert Veland Olsen (til venstre). 22-åringen jobbar i Kværner på Stord, og har akkurat avslutta ei to-års utdanning som fagteknikar i regi av Kværner og Bergen tekniske fagskole.

Sivert er ein av 100 tilsette i verksemder på Stord som har fått etterutdanning som fagteknikarar i regi av næringa og Hordaland fylkeskommune. Den såkalla Stordmodellen er den einaste i sitt slag i Norge, og eit godt døme på desentralisert utdanning.

Utdanninga starta opp i 2012, då verksemdene Kværner Stord, Wärtsilä, Advantec og Apply Leirvik såg at det kunne bli vanskeleg å rekruttere  arbeidskraft med rett fagkompetanse. Bedriftene gjekk saman om å få til relevant utdanning i eigen region.

- Studiet har vore krevande, med 100 prosent studiar, og 66 prosent jobb. Men eg er glad eg har fått moglegheit til dette. Eg har ikkje trengt å ta opp studielån, seier Sivert Veland Olsvik.