Vikariat og fast stilling: rådgjevar regional og kommunal plan - Regionalavdelinga

Stillingene er lagt til planseksjonen i regionalavdelinga. Seksjonen har ansvar for regional og kommunal planlegging, senter- og stadutvikling og rettleiing i kommunal planlegging. Planseksjonen er sentral i fleire viktige planoppgåver. Regional planstrategi for Vestland fylke er under førebuing. Areal- og transportplan for bergensområdet, regional kystsoneplan og regional plan for attraktive senter er under aktiv gjennomføring. Regional plan for Hardangervidda er under revisjon. Det blir arbeidd med å slå saman Hordaland og Sogn og Fjordane fylke i ein Vestland fylkeskommune. Organisering og prioritering av oppgåver vil kunne endrast.
Det er no ledig ei fast stilling og eitt vikariat på seksjonen. Vikariatet har varigheit ut 2019. Søkjarar vert bedne om å opplyse i søknaden om dei er interessert i begge stillingane eller berre den eine.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene kan vere innafor heile seksjonen sitt arbeidsfelt avhengig av kvalifikasjonar og omsynet til ei samla tenleg fordeling mellom medarbeidarane.
  • Arbeidet vil medføra stor kontaktflate mot kommunane, regionale statlege organ så vel som interne avdelingar i fylkeskommunen.

Personlege eigenskaper

  • Vi søkjer person med offensiv og resultatretta arbeidsform med god framdrift.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og samstundes vera god til å samarbeide i gruppe.
  • Du må og ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne, og kunne representere fylkeskommunen på ein høveleg måte.

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha høgare utdanning frå høgskule/universitet innan relevante planfag. Det er ynskjeleg med mastergrad, men bachelorgrad kan også vurderast.
  • Erfaring frå kommunal eller regional planlegging er ein fordel.
  • Kompetanse i planprosessar med både politisk og administrativ deltaking vil verdsetjast.
  • Administrasjonsmålet i Hordaland fylkeskommune er nynorsk, opplæring blir gitt om nødvendig.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar.

Følgjande blir tilbydd

  • Interessante arbeidsoppgåver i eit stimulerande og godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter kvalifikasjonar
  • Gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Fleksibel arbeidstid
  • Rundt årsskiftet 2019-2020 flyttar fylkesadministrasjonen til Sandsli for tre år medan nytt fylkesbygg vert oppført.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Regionalavdelinga i Hordaland fylkeskommune stimulerer til nyskaping, vekst og sysselsetting i Hordaland. Vi er ein pådrivar og støttespelar for kommunar og næringsliv, driv samfunnsutvikling og legg til rette for ei berekraftig forvalting av naturressursane.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Eva Katrine R. Taule
Eva Katrine R. Taule
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Marit Rødseth
Marit Rødseth