Verkstadsleiar for "Digital verkstad -spelutvikling" - Produksjonsskulen avd. Hjeltnes

Hordaland fylkeskommune har som mål å auke gjennomføringa av vidaregåande opplæring. Ei viktig satsing i dette er å få ungdom som har falt ut av vidaregåande opplæring, tilbake til opplæringa. Dette arbeidet skjer i regi av Oppfølgingstenesta i Hordaland fylkeskommune. Produksjonsskulane i Hordaland er difor definert som eit OT-tiltak. Målgruppa er ungdom mellom 16 og 21 år som har falt ut av vidaregåande opplæring og som treng ein veg inn igjen.

Gjennom deltaking på produksjonsskulen skal ungdomen få danning og kvalifisering gjennom ein reel produksjon, lære om arbeidslivet sine spelereglar, få opplæring i grunnleggjande ferdigheitar etter behov og naudsynt rådgiving. Tiltaket er basert på praktisk arbeid og produksjon knytt til ulike utdanningsprogram og skal styrke deltakarane si personlege utvikling og betre deira moglegheit i utdanningsløpet.

Arbeidsoppgåver

  • Vi søkjer ein kandidat med erfaring frå spelbransjen som ønskjer ei spennande og annleis utfordring, og som samtidig er motivert av å engasjere seg i utforminga av et allmennyttig utdanningstiltak som vil ha stor positiv påverking på mange ungdommars framtidige liv. Du vil vere med å utvikle ein heilt ny verkstad ved Hardanger produksjonsskule for ungdomar som ynskjer å gå djupare inn i utvikling av spel, gjerne i samarbeid med spelbransjen. Me ynskjer også å kunne tilby E-sport ved verkstaden.

Personlege eigenskaper

  • Produksjonsskulen sitt mandat er likeså mykje relatert til personleg og sosial utvikling som fagleg kunnskap. Verkstadansvarlege bør derfor ha sosiale og pedagogiske evner, vere engasjert og like å arbeide med ungdommar. Du må kunne arbeide sjølvstendig, vere initiativrik og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevne.

Kvalifikasjonar

  • Aktuelle kandidatar bør ha djupneerfaring frå ein eller fleire sentrale disipliner innan spillutvikling, som design, produksjon, grafikk og/eller programmering. Kandidatar bør også ha god oversikt over andre faser og roller innan spillutvikling utover sin spesialisering, og være i stand til å rettleie ungdommar som arbeider med prosjektoppgåver frå tidleg idé til ferdig prototype gjennom eit skuleår. God praktisk kunnskap i bransjestandard spillmotorer (som Unity3D og/eller Unreal Engine, m.fl.) er nødvendig. Ynskjeleg med bilsertifikat for å kunne ha aktivitetar utafor skulen.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Hardanger produksjonsskule har personalbustad og kantine på skulen. Løn etter fylkeskommunale regulativer med gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Håkon Gjerde
Håkon Gjerde
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Baste Bruarøy
Baste Bruarøy