Undervisning: Teknikk og industriell produsjon - Kvinnherad vgs - Hordaland fylkeskommune

Kvinnherad vidaregåande skule har omlag 400 elevar og 80 tilsette. Eit viktig mål for skulen, er å ha eit breitt opplæringstilbod i samsvar med kompetansebehova til næringslivet i regionen.
Skulen har følgjande utdanningsprogram: Studiespesialisering, Teknikk og industriell produksjon, Elektrofag, Bygg- og anleggsteknikk, Service og samferdsle, Helse og oppvekstfag, og klassar med redusert elevtal.

Frå 02.01.2020 til 13.05.2020 er det ledig inntil 100% vikariat innan mekaniske fag (Teknikk og industriell produksjon og Kjemiprosess)

Arbeidsoppgåver

  • Det kan verta aktuellt å undervisa på både vg1 og vg2 innan TIP. Då primært som kontaktlærar på vg1

Personlege eigenskaper

    • God evne til kommunikasjon og samarbeid
    • Tydleg og støttande leiar i klasserommet
    • Strukturert
    • Ansvarsbevisst
    • Fleksibel
    • Relasjonsbyggar
    • Utviklingsorientert

Kvalifikasjonar

    • Den vi søkjer har primært yrkesfaglærerutdanning med fagbrev innan teknikk- og industriell produksjon (industrimekanikker og sveisefaget) / relevant utdanning jf. utdanningskrav for undervisning i vidaregåande skule.
    • Det er ønskjeleg at søkjar har erfaring med tilrettelegging for elevar med særskilde behov
    • Gode kunnskapar innan bruk av informasjonsteknologi
    • Det er eit pluss at søkjar har kompetanse i vurdering for læring og FYR samarbeid
    • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. Opplæringslova og forskrift
    • Alle som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje frem politiattest

Følgjande blir tilbydd

    • Gode forsikrings- og pensjonsordninger
    • Løn etter offentleg regulativ i samsvar med utdanning og praksis
    • Triveleg og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
    • Kurs og opplæringstilbod

    Andre opplysningar

    • Nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
    • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort         

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Kjell Erik Taranger
Kjell Erik Taranger