Undervisningstillingar dans - Langhaugen vgs

Langhaugen videregående skole har ca. 630 elevar og om lag 80 tilsette i utdanningsprogram for studiespesialisering og musikk, dans og drama.

Frå 1.september til 19.01.2020 har skulen ledig 26,67% vikariat i teorifaget Dans i Perspektiv
Frå 1.september har skulen ledig 26,34% fast stilling i dansefag.

For spørsmål om stillingane, ta kontakt med rektor eller avdelingsleiar, Camilla.Johannessen@hfk.no

Arbeidsoppgåver

  • Skuleåret 2019-20 vil undervisninga vere knytta til faga Scenisk dans 3 og Ergonomi og bevegelse, men dette vil kunne bli endra frå år til år.

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskeleg med brei dansefagleg kompetanse.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk
  • kompetanse, jfr Opplæringslova.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Tore Tveit
Tore Tveit
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Camilla S. Johannessen
Camilla S. Johannessen