Undervisningsstilllingar - Nordahl Grieg vgs

Nordahl Grieg videregående skole er ein ny skole i Ytrebygda bydel i Bergen. Skolen stod ferdig i august 2010 og gir plass til 950 elevar og om lag 160 tilsette.

Det er eit mål å skape eit vekstmiljø for kunnskap, kreativitet og innovasjon. Den arkitektoniske utforminga av skolen samspelar med ei leiar- og lærarrolle som byggjer på eit sosiokulturelt læringssyn. Areala er transparente, fleksible og krev god samhandling.

Visjonen til skolen er ”Dristige hjerner i samspill”.
Nordahl Grieg videregående skole tek mål av seg til å vera ein føregangsskole i bruk av digital læringsteknologi, noko som endrar undervisning og læring på grunnleggjande måtar. Skolen har høgt fokus på bærekraft.

Skolen har desse utdanningsprogramma: Studiespesialiserande, Medium og kommunikasjon, Helse- og oppvekstfag. Skolen har og avdeling for Tilrettelagt opplæring og avdeling Sykehusskolen. Skolen er knutepunktskole for døve og hørselshemma.

Skolen ønskjer å bevare eit levande teiknspråkleg miljø, og oppmodar personar med nedsett hørsel til å søkje stillingar hos oss.

Skolen har ledige følgjande stillingar:
- 100% fast stilling i programfag på Helse- og oppvekstfag, barne- og ungdomsarbeidarfag
- inntil 500% årsvikariat i faga Norsk, Religion, Geografi, Økonomistyring og Entreprenørskap- og bedriftsutvikling. Det er ønskeleg at søkjar dekker 2 eller fleire av faga.

Arbeidsoppgåver

  • Oppgåver som tilhøyrer undervsiningsstilling.

Personlege eigenskaper

  • Vi ønskjer personar som kan evne å skape gode relasjonar til elevane.
  • Den som blir tilsett må ha gode kunnskapar og interesse for bruk av IKT i opplæringa.
  • Gode samarbeidsevner og motivasjon for å arbeide med elevar med ulike utfordringar.
  • Vi ønskjer nytenkjande, reflekterte og kreative arbeidstakarar.

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Nordahl Grieg vgs er ein spanande arbeidsstad med rom for kreativitet og eit gründermiljø der du vil vere ein viktig medarbeidar.
  • For stillingane gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
  • For meir informasjon, sjå heimesida til skolen http://ngv.hfk.no
  • Om søknaden:
  • Det er ønskjeleg å vite noko om motivasjonen din for å søkje
  • Ta med annan realkompetanse og ev interessefelta dine
  • Gje opp to, helst tre referansar: Ein overordna (kan vere rektor)
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Anita Jensen Ystebø
Anita Jensen Ystebø