Undervisning: Hestefag - Stend vgs - Hordaland fylkeskommune

Stend vidaregåande skule har om lag 535 elevar innan naturbruk, idrettsfag, service og samferdsle, allmennfagleg påbygging og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 180 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet.

På Naturbruk har vi ledig vikariat i totalt 150% stilling innan hestefag ut skuleåret 2019/2020

Arbeidsoppgåver

    • Arbeidsoppgåvene omfattar undervisning i stalldrift (traktoropplæring, verktøylære, materiallære, drift av bygg og anlegg, stallteneste m.m) og riding/køyring på VG1 naturbruk med hest og VG2 heste- og hovslagarfag.
    • Vikarane inngår i team av lærarar på hestefag. Undervisninga er praktisk og teoretisk og konkrete undervisningsoppgåver blir fordelt innan teamet.

Personlege eigenskaper

    • Du må ha praktisk handlag, men erfaringane dine treng ikkje vere frå hestenæringa dersom du er tilpasningsdyktig. 
    • Du må like å kommunisere og motivere unge menneske, vere ein tydeleg og engasjert leiar av undervisninga, ha gode samarbeidsevner og kunne bruke varierte læringsmetodar og digitale hjelpemiddel i undervisninga.

Kvalifikasjonar

    • Høgskule/universitet, bachelorgrad.
    • Erfaring med gardsdrift eller drift av hesteanlegg og /eller kompetanse innan riding/køyring.
    • l alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. Opplæringslova.
    • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule i Hordaland må leggje fram politiattest.
    • Praktisk erfaring kan kompensere for manglande utdanning.

Følgjande blir tilbydd

    • Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg variasjon, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
    • For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.
    • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.

    Andre opplysningar

    • Alle nytilsetjingar i vidaregåande skule blir gjort med prøvetid på 6 månader.
    • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Magnus Vaktskjold
Magnus Vaktskjold
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Torbjørn Litlere
Torbjørn Litlere