Undervisning: Kjemi - Os gymnas

Os gymnas ligg fint og sentralt til i Os kommune. Mottoet vårt er trivsel, kunnskap og vennskap. Vi har studiespesialiserande utdanningsprogram, og vi er ein MOT-skule. Skulen er liten og oversiktleg, og det er høg trivsel her. Vi har fine og grøne omgjevnader med gode lokaler. Vi treng vikar i kjemi 1 og 2.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i kjemi som er programfag på vg2 og vg3. Skulen treng vikar på ubestemt tid. Det kan også bli aktuelt med vikartimar i andre fag.

Personlege eigenskaper

  • Gode evner til å formidle fag og vilje til samarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr opplæringslova
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest

Følgjande blir tilbydd

  • Lønn etter kvalifikasjonar
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Rune Rosland
Rune Rosland