Undervisning: Tysk - Fusa vgs

Fusa vidaregåande skule er ein kombinert vidaregåande skule med utdanningsprogramma; studiespesialising KDA, helse- og oppvekstfag, teknikk- og industriell produksjon, restaurant- og matfag og naturbruk, samt TAF-tilbod og vaksenopplæring.
Skulen har omlag 300 elevar og 50 tilsette
Skulen legg stor vekt på trivsel og miljø som grunnlag for eit godt læringsmiljø. Den vaksne sitt ansvar i denne samanheng vert vektlagt. Respekt, tryggleik, engasjement og samstemt er grunnleggjande verdiar for heile skulen sin aktivitet. Tett samarbeid med næringslivet er ein sentral del av skulen sitt arbeid for ei god opplæring.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning innan tysk på studieførebuande utdanningsprogram.
  • Delta i faggrupper
  • Delta i arbeidet for heilskapen på skulen

Personlege eigenskaper

  • Trygg og tydeleg klasseleiar med evne til å skapa gode relasjonar
  • Positivt elevsyn
  • Kunne arbeide sjølvstendig og nøyaktig, men også vera ein engasjert tilsett på vegne av heile skulen
  • Ha gode evner til samarbeid, både med elevar, tilsette og føresette
  • Vera systematisk og strukturert

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om lærarutdanning, inkludert relevant fagleg (i denne stillinga: 60 studiepoeng i tysk) og pedagogisk kompetanse (PPU), jmfr Opplæringslova.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk.
  • Dersom du manglar noko av dette, kan det verta stilt krav om at du må gjennomføra tilleggsutdanning.
  • I tillegg til relevant fagleg og pedagogisk kompetanse ønskjer me tilsette med god fagdidaktisk kompetanse.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Fusa vgs er ein arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og stor fagleg variasjon, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø
  • For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Gunnar Ljones Dolve
Gunnar Ljones Dolve