Undervisning: Tryggleik og transport - Voss gymnas

Voss gymnas er ein kombinert vidaregåande skule, og har om lag 590 elevar og 90 tilsette. Skulen opna 01.august 2017 i nytt skulebygg med eit stort idrettsanlegg. Skulen tilbyr utdanningsprogramma; design og handverk, service og samferdsel, helse- og oppvekstfag, studiespesialisering, idrett, toppidrett-ski, kunst, design og arkitektur og musikk, dans og drama. Skulen har i tillegg to klassar med påbygging til generell studiekompetanse og ansvar for Hordaland fylkeskommune si klasse i Frankrike. Voss gymnas er òg vaksenopplæringssenter for Voss og Indre Hardanger.

Under føresetnad av innvilga permisjon har Voss gymnas har frå 01.08.2019 ledig undervisningsstilling i fylgjande fag:

- Tryggleik og transport 23,99 %

Undervisninga er lagt til Vg1 service og samferdsel.

Personlege eigenskaper

  • Du som vert tilsett må vere målretta og systematisk, set eleven si læring og utvikling fremst. Du er ein tydeleg og støttande leiar i klasserommet, og har evne til å samarbeide, finne fleksible løysingar og du kan motivere elevane til å gjere ein ekstra innsats. Du har vilje til å initiere og ta del i skulen sitt utviklingsarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på seks månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Lønn etter kvalifikasjonar
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Marianne Sværen
Marianne Sværen