Undervisning: TIP/industriteknologi - Kvam vgs

Kvam vidaregåande skule har ledig vikariat i 100% som faglærar på TIP / industriteknologi vg2.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning på TIP vg1 og vg2

Personlege eigenskaper

  • Vere kreativ, kunne arbeide målretta
  • Ha gode samarbeidsevner og ønskje om å nå dei måla skulen har for arbeid med ungdom
  • Sjå moglegheit i alle elevar
  • Vera ein tydeleg læringsleiar

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan fagområdet
  • PPU,teknisk fagskule, yrkesfaglærarutdanning eller anna relevant utdanning
  • Søkjarar som ikkje oppfyller krava, kan verte tilsett på vilkår.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Lønn etter kvalifikasjonar og ansiennitet
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Ingebjørg Bakke
Ingebjørg Bakke