Undervisning: TIP Kjøretøy (mekaniske fag) - Stord vgs

Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande- og yrkesfagleg utdanning. Skulen ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 1000 elevar, fordelt på utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro, Teknikk- og industriell produksjon og IKT- servicefag. Voksenopplæringa i Sunnhordland er knytt til skulen og me har kursverksemd i forskjellige fag. Me er knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper. Det er planlagt ei større ombygging av Stord vidaregåande skule og me skal ta i bruk nye og moderne skulebygningar. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skape eit trygt læringsmiljø. Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular.

Utdanningsprogrammet Teknikk og industriell produksjon har om ag 70 elevar fordelt på fem klassar. I tillegg er det teoriopplæring for lærlingar. Til saman er det 7 lærarstillingar på dette utdanningsprogrammet

Skulen har ledig om lag 50% undervisning, årsvikariat, på VG2 køyretøy. Me ser etter deg som har utdanning og allsidig yrkeserfaring innan det aktuelle området. Oppstart snarast og etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene er knytt til programfaga på VG2 på køyretøy, der planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning inngår
  • Kontakt og samarbeid med næringsliv er ein viktig del av arbeidet

Personlege eigenskaper

  • God til å kommunisera, rettleia og motivera.
  • Kunna arbeida både sjølvstendig og saman med andre
  • Lika å omgåast ungdom
  • Systematisk og nøyaktig
  • Ynskjer å bidra til ei god fagopplæring
  • Tydeleg vaksen og god voksen rollemodell

Kvalifikasjonar

  • Me søkjer etter ein person med bakgrunn frå køyretøybransjen, gjerne med erfaring som opplæringsansvarleg i bedrifta
  • Den som skal tilsetjast i undervisningsstillingen må ha fagbrev/sveinebrev i aktuelle fag, samt fire års yrkespraksis etter fullført utdanning
  • Det er ynskjeleg med yrkesfaglærarutdanning eller fagskule, og praktisk pedagogisk utdannig
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova. Søkjarar som ikkje oppfyller krava kan tilsetjast på vilkår. Fylkeskommunen legg til rette for å ta yrkesteori og pedagogikk i stillinga
  • Alle som blir tilsett i den vidaregåande skulen må leggja fram politiattest
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Fagleg utvikling og gode ordningar for stipend og vidareutdanning
  • Engasjert fag- og arbeidsmiljø
  • Løn og lønsutvikling i tråd med Hordaland fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande arbeid i samspel med elevar, skulen og bedrifter i bransjen
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Per Inge Stensletten
Per Inge Stensletten