Undervisning: TIP - Kvam vgs

Kvam vidaregåande skule har eit vikariat for skuleåret 2019/20 som lærar innan fagområdet Teknikk og industriell produksjon.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning på TIP VG1 og VG2

Personlege eigenskaper

  • Vera kreativ, kunne arbeide målretta og vise vilje til nytenking.
  • Ha gode samarbeisevner og ønskje om å nå dei måla skulen har for arbeid med ungdom.
  • Sjå moglegheit i alle elevar
  • Vera ein tydeleg læringsleiar

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan fagområdet.
  • PPU og Teknisk fagskule eller yrkesfaglærarutdanning.
  • Søkjarar som ikkje oppfyller krava kan verte tilsett på vilkår.
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå CNC.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggja fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Løn etter kompetanse og ansiennitet.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Ingebjørg Bakke
Ingebjørg Bakke