Undervisning: Tilrettelagt opplæring - Bygg og TIP - Knarvik vgs

Knarvik vidaregåande skule har om lag 1000 elevar fordelt på mange ulike utdanningsprogram. Visjonen vår er "Læring og vekst for alle"

Skulen har frå 1. august 2019 ledig to heile stillingar.

På tilrettelagt avdeling vert det arbeidd med referanse til konsekvenspedagogikk med fokus på sosial læring. Du skal planleggje, gjennomføre og evaluere undervisninga etter prinsippa i individuell opplæringsplan.

Arbeidsoppgåver

  • TIP HT Yrkesfagleg grunnutdanning:
  • Undervisninga føregår hovudsakleg i verkstad. Kompetanse innan dreiing, montering, sveising og sykkelreparasjonar er spesielt ønskjeleg.
  • Klassa består av 8 - 10 elevar der ein miljøarbeidar støttar deg i arbeidet.
  • Bygg HTA Arbeidstrening:
  • Undervisninga føregår i hovudsak på oppdrag utanfor skulen, med nybygg og vedlikehaldsarbeid.
  • Klassa består av ca 6 elevar der ein miljøarbeidar støttar deg i arbeidet.

Personlege eigenskaper

  • Gode samarbeidsevner.
  • Gode evner til å kommunisere, rettleie og motivere.
  • Systematisk og nøyaktig.
  • Kunne arbeide sjølvstendig.

Kvalifikasjonar

  • Fagskule (2 år,120 sp)
  • Høgskule/universitet (120 sp,)
  • Praktisk pedagogisk utdanning.

Følgjande blir tilbydd

  • Er du ein person som ønskjer å arbeide med ungdom og har fokus på sosial læring, fagleg styrke og med eit tydeleg engasjement kan vi garantere deg utfordrande og spanande oppgåver.
  • Lønn og lønnsutvikling i samsvar med Hordaland fylkeskommune sin lønnspolitikk.
  • Gode pensjons og låneordninger i Statens pensjonskasse.
  • Godt fag- og arbeidsmiljø der samarbeid kollegaene mellom er sentralt.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Roar Teige