Undervisning: Teknologi og industriell produksjon - Årstad vgs

Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Hordaland. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 4 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studieførebuande løp, samt innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar. Skulen skal være ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø.

Årstad videregåande skule har ledig inntil 100% fast stilling som lærar i programfag.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i CNC, additiv tilvirkning, maskinering og kontaktlærarfunksjon.

Personlege eigenskaper

  • Du må være kreativ, utviklings- og løysingsorientert med god ordenssans og evne til å kommunisere
  • Du må like å arbeide med ungdom
  • Du må ha evne til å arbeide strukturert, både sjølvstendig og i team

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som CNC-operatør, 2 års fagskule og pedagogikk.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Jobb i eit godt fagmiljø med stor fokus på utvikling
  • Gode kontorfasiliteter
  • Moderne undervisningsanlegg
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Øyvind Bønes
Øyvind Bønes