Undervisning: Teknikk- og industriell produksjon - Austevoll vgs

Austevoll vgs er ein yrkesfagleg, maritim vidaregåande skule. Me har studieretningane vg1 Teknikk og industriell produksjon, vg1 naturbruk og vg1 helse og oppvekstfag, vg2 fiske og fangst, vg2 maritime fag (matros/motormann), vg2 akvakultur, i tillegg til vg1 studiespesialiserande. Inneverande skuleår har me ca. 150 elevar fordelt på 10 klassar.

Me har ledig 100 % fast stilling som faglærar på vg1 Teknikk- og industriell produksjon. Store delar av undervisninga går føre seg i skulen sin mekaniske verkstad, det må også påreknast noko teoriundervisning i klasserom.

Arbeidsoppgåver

  • Elevane har mykje praktisk undervisning der dei skal ha opplæring i dreiing, sveising og anna mekanisk arbeid. Gjennom skuleåret produserer elevane ulike produkt der dei skal delta i planlegging, produksjon og evaluering av prosjekta. Elevane er utplassert i ulike bedrifter ein dag i veka, der faglærar har ansvar for oppfylging av elevane og kontakt med utplasseringsbedriftene.

Personlege eigenskaper

  • Gode samarbeidsevner
  • Gode relasjonelle eigenskapar
  • God formidlingsevne
  • Utadvent
  • Målbevisst
  • Strukturert
  • Praktisk
  • Sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst
  • Entusiastisk
  • Initiativrik

Kvalifikasjonar

  • Utdanning/bakgrunn innan mekanisk arbeid, plate, sveis og/eller industri
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr opplæringslova. Ved manglande Praktisk- pedagogisk utdanning, må denne utdanninga påbyrjast innan 2 år etter tilsetjing
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest
  • Praktisk erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Lønn etter kvalifikasjonar
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Faglege utfordringar og personleg utvikling i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Håvard Magnus Njåstad
Håvard Magnus Njåstad
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Vivian Bjånesø Horgen
Vivian Bjånesø Horgen